Å finne fritidsaktivitet som fenger.

18. januar 2017

Eg har skrive litt om det her temaet før for lenge sida, men i kveld tenkte eg å skrive litt meir 🙂

Det å finne meiningsfulle fritidsaktivetar som fenger borna for uten om Ipad og datamaskin.

Eg vil begynne med å seie at det er ikkje slik at ingen born med autisme kan delta på fritidsaktiviteter, det er totalt feil.

Det er mange med funksjonshemming som deltar på fritids aktivitetar på lik linje med funksjonsfriske, og ikkje minst saman med funksjonsfriske.

Mange plassar finnast det og tilrettelagte aktivitetar for dei som treng det, som symjing  i regi av Autismeforeninga, terapiriding, eller annan organisert aktivitet som passar dei som er litt annerleis.

Her er vi like forskjellige som menneske og familiar som alle andre som ikkje har funksjonshemming i familien.

Vi har ikkje heilt klart å finne noko som fenger og som våre gutar ville meistre og like.

Mang ein diskusjon har vi hatt om kva vi eventuelt skulle lande på, men vi har eigentleg ikkje komen noken veg med det.

Georg og Laurits er i den nye barneboligen to ettermiddagar i veka der dei er med på aktivitetar saman med sine avlastar der.

Men resten av veka kjem dei heim halv 2, og då er det at ein treng å ha ein liten strategisk plan så ikkje teknologien tek fullstendig over:)

Vi er  alikevel heldige her med oss.

Vi har akebakkar rett utan for huset, vi har ein lang grusveg som ein kan sykle på utan at mamma treng å gå med angstklumpen langt oppi halsen for at vi skal risikere å bli påkjørt.

Samstundes har vi og fiskevatn oppå fjellet, og ein kjekk alle, som pappa har kalla « den hemmelege turvegen» , som er heilt super til å vandre av gårde på og sage vekk greiner og anna.

Gutane er gutar, dei elskar å hamre, spikre og sage, ein må berre passe godt på at ein ikkje fell for fristelsen og sage noko som ikkje skal sagast, slik som vassledningar og lignande.

Eg er heldig som har ein tålmodig mann som tek dei med på masse aktivitetar rundt om på garden når han er heime frå sjøen.

Dyr er også noko vi er opptatte av, hunden Spike er ein god læring for å respektere dyr, vi har og to kattar på loftet som skal behandlast fint.

I andehuset er det 5 ender som er Jakob sitt ansvar å få inn på ettermiddagen, og i fjøset er det hønene som har sitt domene.

Det er uendelege mogelegheter, vi må berre klare å finne det som blir rett.

For born som ikkje driv seg sjølv framover vil i alle fall ikkje gjere noko om det dei vert satt til ikkje er kjekt!

Siste prosjektet vårt er 20 vaktel egg som har fått plass i rugemaskina på kjøkkenbordet.

Dei neste 14 dagane skal vi passe på temperatur, sjekke vatn, vi skal «Lyse egga» for å sjå om der er utvikling, og vi både lure og spekulere på korleis det her går til.

Eg skal innrømme eg har gjort det her og no med vitande og vilje, for det nærme seg bursdag, og der andre glede seg vilt til bursdag, blir det for mine vanskeleg igjen å vente fram mot bursdagen sin.

For kan det vere at det er ei endring å gå frå 8 til 9 år? Eller?

Vi skal vente dei neste 14 dagane mot bursdagen ilag med desse egga i ruge maskina, og forhåpentligvis gjere både ventetid og spenning litt mindre.

Og vinn vinn det her- ho mor får seg vaktel i fjøsen som forhåpentligvis vil legge masse masse egg!

Viss eg no ikkje ende opp med 19 hanar og ei høne 😛

Litt spenning i kvardagen må vi til og med vi ha!

 

Oppdattering kjem:)

 

Ha ein fin onsdagskveld 🙂

 

<3<3 Ragne Beate