Kjære Olaug, takk for «stort og stygt»

22. januar 2017

 

I går fekk eg den ære av å vere med på premiereframsyninga til Olaug Nilssen sitt teaterstykke «Stort og stygt».

Saman med 4 gode venninner, som alle på kvar sin måte har føtene godt planta i autismeverda, satt vi på fyrste rad, med kleenex klar i handa.

Den er eg glad eg hadde klar.

Boka som Olaug har skrive, og stykket som vart framført i går, det er så sterkt, så nært, men samtidig så inni hampen vondt!

Kvardagen til ein familie med eit annerleis born, i skarp kontrast til naboen som ventar sitt fyrste born.

Vi snakkar om å kjøre rally igjennom følelsesesregisteret sitt, der man blir flau, oppgitt, såra, fortvila og forbanna gjennom ei time og førti minutt.

Dei minutta gjekk fort, rasande fort, og ein var heilt utmatta når ein var ferdig.

Ein marathon om livet.

Livet som for meg er å vere mamma til born med spesielle behov, der fortvilinga og kjærleiken går hånd i hanske.

Eit innblikk i korleis det er, korleis andre kan tolke det, og kor utruleg viktig det er bli trudd!

Eg trudde sjølv eg var over den fasa, at eg måtte forsvare meg, forsvare vala mine, men når eg satt der i salen i går og såg stykket, så kjente eg på at den følelsen eg har hatt for å måtte forklare avvikande åtferd, kom tilbake.

«Ja, han har jo autisme og adhd- det er difor…»

Forsvare og forklare.

Fortviling og forbannelse ilag med eit oppkok av kjærleik for borna sine.

Annerleis livet.

Samstundes så får ei hardbarka autismemamma eit innblikk i den andre sida av verda, den «normale».

Den verda som eg fnyser av når naboen har fått spysjuka, eller at bornet deira ikkje har sove på 2 netter.

«Du skulle komt hit å prøv du- eg har ikkje sove på 8 år»- tenker eg.

Poenget er jo at for familien med spysjuka så er det krise, og det å ikkje sove på 2 netter er jo forferdelig!

Det er jo berre at eg ikkje lenger klare å setje meg inni korleis eit «vanleg liv» er, fordi det livet eg no leve er det normale for meg.

Og fordi eg er blitt kynisk- det er dessverre slik det blir.

«Stort og stygt» får deg til å tenke, reflektere og vurdere.

Det tar deg med på ei reise i dine eigne forventingar og haldningar, og det gjere noko med deg.

Olaug, kjære fine flotte Olaug, TUSEN TAKK!

Tusen takk for at du ved ditt stykke har rista litt i grunnvollane til ein sindig vestlenning.

Eg trengte det!

«Stort og stygt» er teaterstykke de ikkje vil gå glipp av!

 

<3<3 Ragne Beate