Kvifor hatar foreldre med barn med spesielle behov endring?

24. januar 2017

Eg trur eg er i ferd med å bli ei rigid gammal kjerring!

Som hatar forandring, og som helst skulle hatt det på same måte kvar dag, hehe 😉

Neida, så gale er det ikkje, men ingen røyk utan ild.

Kvifor foreldre med born med spesielle behov hatar endring trur eg er mange, og som alltid så kan eg berre snakke for megsjølv, då eg verken kan klatre inn i hovuda dykkar for å sjå kva de tenkjer, eller har opplevd korleis de har det i kvardagen, men det kan vel hende de kjenne dykk att i noko.

Ein av grunnane til at endringar er så vanskeleg er at det medføre medarbeid.

Og , arbeid er jo noko foreldre i denne situasjonen har evig nok av ikkje sant?

Kjekke ting som karneval eller andre meir frie arrangement ,anten på skule eller på fritid, som andre kosar seg glugg i hel med, kan betyr dagar med arbeid og tenners gnissel for diagnose mammaen eller pappaen.

Og ikkje berre før, men etter og.

For det er sjeldan at karnevalet vart som avkommet hadde ynska- då det ikkje vart arrangert slik som i fjor for dei heller!

Herlighet, eg les det eg skrive, og eg kan ikkje anna enn å le heller!

Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har brølt innvendig: «Kan ikkje berre ting vere som vanleg??!!!???»

(bildet lånt fra kvinnetrening-blogg.no)

Men vi går jo på karneval på skulen om dagen er rett- vi legg ned dei 2 vekene i forkant det tar for å for å bygge opp sjølvtillit, trygge på kva som skal skje, og ikkje minst finne rett kostyme, som er ei forsking i seg sjølv.

Og vi sit klar for å tørke tårene, ta frustrasjonen og skuffelsen når det ikkje gjekk heilt etter planen alikevel.

Både eg og pappaen når han er heime frå jobb.

Ein annan ting er at endringar er skummelt fordi ein miste kontroll.

Jada, det er greitt eg skal innrømme det, eg er ein kontrollfrik!

Å miste kontroll har eg etter mykje diskusjon med megsjølv funne ut er todelt, det eine er at eg ikkje kan berge ein kvar situasjon som eventuelt oppstår, men må stole på at andre klarar det.

Den andre er at eg utsett borna mine for eventuelle nederlag der framme rundt neste sving, og det er noko ferbandet skjit skal eg berre fortelje dykk!

Det hatar eg verkeleg!

Det betyr ikkje at eg ikkje sender borna mine på avlastning, for eg gjere det, og eg har full tiltru til dei flinke folka som er der.

Eg er problemet her, ikkje avlastninga.

Det er mine demonar eg må kjempe.

Og eg treng den tida det trengs for å kjempe dei.

Endringar har også etterverkningar.

Det er kanskje det verste med heile «ting går ikkje etter planen»-opplegget.

Når ein reise vekk ei helg for eksempel- åleine- så vert ein «straffa» for det i ei veke etterpå, fordi alt har kome skjeivt ut!

Difor vurdere eg alltid det eg gjere oppimot om det er «verdt det» eller ikkje.

Det vil sikkert kome seg ein gong det og, eg reknar med det er ein av delane som må inn under «demon jobbinga»- men slik er det no enn endå.

Det er nemleg her autismen er krevande, gjennomgripande og unik på sitt plan.

At den grip inn i alt vi gjere, alt vi vurdere, alt vi prøve på, både der vi feile, og der vi lukkast.

Det er difor foreldre med born med spesielle behov hatar endringar..

 

Eller… det kan godt hende og at det berre er eg!

 

<3<3 Ragne Beate