Asperger syndrom sine mange ansikt

25. januar 2017

«Asperger syndrom tar deg med inn i ein underfundig verd, det er det fyrste eg har lært om dette syndromet.

Det er menneske som som oftast- men ikkje alltid- snakkar adekvat i forhold til alder, men som har større eller mindre problem med å skjøne dei sosiale kodeksane.

Dei blir sett på som høgtfungerande autistar, eller mange ser ikkje ein gong på diagnosen som ei autisme utfordring, men heller ei forgreining ein eller annan plass oppimot autisme- «autisme light».

Mange med Asperger syndrom har utrulege evner, dei kan vere kanonsmarte, ha IQ langt over det vi andre levelege dødelege har og det er mange av dei som utruleg skuleflinke.

Men ikkje alle, det er også nokre av desse uhyre smarte menneska som ikkje klarer å nytte sin kapasitet i det norske klasserommet.

Nokre har heilt vanvittige evner innan for data, og kan klare mykje om dei får rett tilrettelegging, andre er sinnsvakt gode til å kode, og å kome seg vidare innanfor forskjellige spel- men det stoppar og der.

Dei kan dei tinga dei kan- men ikkje det som alle andre forventar at dei skal kunne innanfor teknologi.

Mange med Asperger syndrom har ingen problem med å bruke offentleg kommunikasjon, eller å kome seg frå A-B åleine, mens andre treng hjelp og støtte iform av for eksempel ein mobil telefon som er innstilt til å pipe når deira stopp kjem, mens det og finnast dei som ikkje klarar det i det heile tatt

Også er det slik at nokre mennesker med Asperger syndrom klarar å halde samtalar i gong, dei klare å argumentere for eige liv, og kva ynskjer dei har og kva planar dei har.

Mens andre med Asperger syndrom har akkurat same ynskja om eit sjølvstendig liv, akkurat same planar og draumar inni hovudet sitt som den med same diagnose som klarar å formidle orda.

Men dei får det ikkje til!

Desse menneska med Asperger syndrom treng hjelp fra andre mennesker til å klare å formidle det dei ynskjer, få lov til å vere trygg nok til å draume om eit liv der framme, der ein er sjølvstendig, med hjelp.

Trygg nok fordi dei har eit nettverk rundt dei som skjønar utfordringa som ein Asperger syndrom diagnose KAN ha med seg.

Ikkje SKAL ha med seg, men KAN ha med seg.

Det finnast mange mammaer og pappaer som sit gråtkvalte i heimane sine og ikkje veit si arme råd over avkommet sitt, som dei har jobba ræva si av for, trena, jobba og slitt, men framleis kjempar både mot eigne demonar og forventningar, kva avkommet vil, og systemet.

Og samfunnet.

«Kvifor vart det ikkje noko av dette bornet, ein får no igjen for putesying  ikkje sant?» Tenkjer dei andre…

Det er også andre foreldre som har nådd sine mål, som har system som  har jobba med dei, og som har fått born som fungerar godt- til tross for si autisme utfordring.

Mange er og med seg tilleggsvanskar som angst og depresjon, og dei fleste treng å trekke seg tilbake- spørsmålet er vel kanskje kor sterk strikken er, og når den slit?

 

Eg skriv denne teksten som eit lite varsku til å tru at mennesker med Asperger syndrom er alle «skjulte talenter».

På lik linje med ein nevrotypiker så er det ikkje slik at sjølv om man er flink på skulen, så vil man nå til topps.

Ein kan vere sjenert, ha vore utsatt for ting i livet som gjere at ein ikkje maktar, ein kan bli råka av psykiske problem, eller man kan velje feil hylle i livet.

Mennesker med Asperger Syndrom er like forskjellige som alle andre, dei har berre havna innunder ICD-10 der dei alle har slått ut ein eller annan plass i utredninga for å stette diagnosen Asperger syndrom.

Eg håpar at vi i gleda av å sjå på tv program om desse som lukkast,(og dei skal vi verkeleg glede oss over altså, for det er verkeleg tipp topp!) så kan vi samstundes rette fokuset på kva som krevs for at eit menneske med Asperger skal få eit godt liv.

Både utfordring, pushing og meistring, men og skjerming, tilrettelegging, struktur, forutsigbarhet, og ei forståing frå oss rundt om «slik ser eg livet».

At tålmodighet er og blir viktig, både for den eine og den andre parten.

Eg vil avslutte med å seie at det kan hende vi og oppi alt skal tenke litt på kva som er livskvalititet.

Kva er viktigast, om ting ikkje gjekk slik vi hadde forventa?

Er det å yte så godt som evna tilseie- og ha eit godt og verdig liv?

Eller er det å pushe, streve og slite seg så at strikken vert flerra på langs?

 

Asperger syndrom er underfundig, det har eg i alle fall lært meg, og har du møtt ein, så har du møtt ein <3

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

  • Fridtjof

    Dette var som vanlig veldig bra skrevet! Du har truffet midt i blinken igjen! Kunne ikke beskrevet det bedre selv!