Korleis ein blir møtt har så mykje å seie

30. januar 2017

Ord, noko så enkelt men alikevel så vanskeleg.

Ord som kan støtte, trøste, hjelpe, men som og kan vere kjelde til maktmisbruk, trakkasering, og mistru.

Ord som mange foreldre ventar desperat på at borna sine skal begynne å bruke, nokre får aldri oppleve det, hos andre kjem dei sigande langt om lenge.

Mykje lenger bak den dei som sa « det er heilt normalt at det kan gå litt seint», «alle born er forskjellige» « slapp av..»..

Endå, sjølv om eg ikkje lenger har born som er små, kjem eg over frasane «alle andre born..»

Eg trur  ikkje det er meint vondt, det er berre noko vi brukar, oss mødre imellom, oss foreldre imellom, eller i kommunikasjon med hjelpeapparatet.

«Alle andre born på same alder KAN..»..

Det er jo det som er malen.

Vi er ikkje nokon mal-vi er «utskudda» som ikkje passar inn i denne malen, men alikevel så vert vi samanlikna med « alle andre born..» .

Akkurat som ei trøyst.

Ei trøyst om at det ikkje er berre vi som har det slik, det er mange andre «vanlege» born på same alder som har det akkurat slik som oss.

Diverre er det berre slik at eg ikkje heilt klarar å sjå på det som trøyst.

For, eg er skrudd saman på den måten at når eg ser «alle andre» så ser eg og det jamngamle bornet som glad spring på skule vegen ilag med kameratane sine, som no er blitt 9 år og som får lov til å gå på butikken åleine utan vaksen, men med venene sine, og stolt kjøpe seg ei brus, med myntane dei fekk i lommepengar denne veka.

Borna som foreldra sit å diskutere seg imellom om det eigentleg no treng SFO?

Sidan det har vist seg sjølvstendig, og utan tvil vil klare seg eit par timar åleine før mamma og pappa kjem heim frå jobb.

Fritidsaktivitetar det susar 9 åringen på åleine, blir henta og bringa, men spring inn på all idretten eller turninga utan å mukke.

Til helga er det kino med venene.

Eg samanliknar.

IDIOTISK!

Men eg gjere det.

Og det som er så teit er jo at når eg får «trøyst» i form av kommentarar om at «alle andre born kan og..» så er det som oftast etter ei negativ hending.

Eit eller anna som har skjedd som er blitt dumt, og som ein blir trøysta av andre med at det er normalt, at alle andre og kan gjere det sånn.

Ja..

Men alle andre treng ikkje tilsyn 24/7 – tenker då eg..

Eg veit ikkje lenger kva som er normalt og ikkje, eg orkar ikkje å ta det innover meg lenger.

Normaliteten har for meg blitt eit fokus på å ha gode opplevingar med borna mine, og å skape gode relasjonar.

Intet meir intet mindre.

For det å ha skoa på er komplisert- og ikkje samanlignbart.

Eg huskar ein episode, då det sto på som verst før jul, at eg inni meg etter ei konflikt tenkte: «Nåde meg- håpe ADLRI eg bli bestemor!»- for å neste augeblikk få NATOS verste samvit for at eg i det heile tatt kunne tenke noko sånt.

For at eg ikkje skulle unne guten min å bli far.

Irrasjonelt, desperat tankegong når ein er sliten.

Kva alle andre gjere det hjelpe ikkje meg, eller oss.

Ei heller den normalen og malen som samfunnet har bygd opp si forventing av både barne oppdraging og korleis ein forvente at born skal te seg.

For hos oss er kompleksiteten stor, pusslespill brikkene mange, og lerretet stort.

Vi lev dog godt i det, fordi vi feirar kvar bragd!

Eg veit godt at det livet vi lev er vanskeleg å skjøne for andre, men veit de, livet dei «normale» lev er blitt vanskeleg å skjøne for meg og!

Fordi eg ikkje har opplev det..

Difor er «Jammen, det kan alle andre born på same alder og Ragne» ikkje noko trøyst.

 

Det hjelpe dessverre ikkje meg.

 

<3<3 Ragne Beate