Entries from januar 4th, 2017



Å du herlege kvardag <3

posted on: 4. januar 2017

Eg har eksamen om dagen, 3 dagers eksamen i «Psykiske lidelser, behandling og tiltak» som skal leverast på fredag, så difor har ikkje blogg vore oppdattert sidan  nyttår 😉

Men ,no kjente eg at eg måtte rive meg litt laust frå «psykoser og sjølvmord», og skrive ein hyllest til kvardagen!

De skulle berre ha kjent den gleda det er av å oppleve at bornet ditt igjen snakkar i setningar, og ikkje berre guturale lydar med hender og føte som går alle vegar.

Ein gut som har vore satt så tilbake på grunn av jul, og som med rutinar på plass igjen kryp ut av skalet sitt og ser ein ny vår <3

Eg har ikkje ord til å beskrive godt nok kor fantastisk det er å få sove betre, og ha born som er meir opplagt.

Ingen som stressar ved leggetid om noko som skal skje dagen etter, berre den same kjedelege matpakka, den same kjedelege skuleplanen, dei same kjedelege assistentane og pedagogane som er klar for å ta imot dei.

Jobbe må ein og gjere på skulen, det er så kjedeleg at det er kjekt!

Søvnen som har vore så elendig så frykteleg lenge, men som ved å slå på ein brytar vart så mykje betre.

For slik funkar mine gutar, det er enten eller.

Nei, eg søv ikkje heile natta, det har eg aldri gjort, men eg søv betre, litt lengre, og vi merke så godt at det gjere gutane og 🙂

Eg vil komme med ein hyllest til den alvorlige kjedelege kvardagen med alt den har med seg om tidleg opp, avgårde på skulen, heim frå skule, avgårde på avlastning, heim frå avlastning, kveldsmat og i seng, fordi vi elskar deg!

Vi elskar denne forutsigbare normale/unormale( alt etter som korleis ein ser det) dagane der  det ikkje er noko ekstra- men for oss er bonusen med at ting fungarar så mykje betre enn med ferie.

Då funkar annerleis livet!

Det er ei erfaring å ha ferie, det gjere deg og ydmyk for kor viktig rutinar er, kor viktig kvardagen er, for borna dine, men også for degsjølv.

Det er rett og slett i det kjedelege livet vi bevege oss framover, det er i det kjedelege livet vi utvikle oss og ser nye mogelegheiter, og det er når vi har det dritkjedeleg at vi kjenne at vi har det godt <3

Ein heilt anna betydning av kjedeleg enn det andre tenke på, men den kjedeleg sværen eg snakkar om, den er heilt innafor altså!

Den er RÅ!

Eg skal retunere til «psykosa» mi, og forsette skrivinga, det skal bli godt å bli ferdig på fredag, sjølv om eg kosar meg med denne eksamenen, det er så mykje å lære, og er det noko eg elskar så er det å lære 🙂

 

Ha ein flott 4 januar kvardag 🙂

 

<3<3 Ragne Beate