«Sviket»- når ein ikkje blir trudd

8. februar 2017

Dagens blogg er ikkje min, den er nokon annan sin, men den er ført til pennen av meg.

Eg har valgt å skrive  den i generell vending, då eg ikkje kjenner saka frå  begge sider, eg skriv kun om mors smerte.

Den er såpass generell at eg trur mange kan kjenne seg att- dessverre.

Eg har møtt mange på min veg som kjempar seg sjuke i systemet, som føle både krenkelse å svik i møtet med det apparatet som skal vere til hjelp.

Støtta som blir krenking, sviket som oppstår nok ein ikkje blir trudd, fortvilinga som rår over manglande forståing.

Og ropet frå sitt eige born- stille utan ord eller høgt så ALLE kan høyre det:

«Sjå meg! Forstå meg!»

Ei heilt anna side av det norskehjelpesystemet- men det finnast.

 

» Sviktet»

 «Eg sit der, med klumpen i magen og tårer i augene.

Igjen skal eg sende frå meg bornet mitt.

Bort frå trygghet, forståing og forutsigbarhet.

Til desse andre.

Dei fnysar av meg, eg kjenne det frå eg legg handa på døra, dei trur meg ikkje.

«Omsorgsvikt»- eg kan høyre det gjalla i veggane.

«Tilknytningsforstyrring».

Det hjalp ikkje eingong at barnevernet kom og sjekka oss ut, 3 mnd med undersøking- stempla godkjent og ein tommel opp!

«Det gjere jo ein kjempejobb de jo!»-sa dei.

Men berre ikkje sett slik hos alle.

Eg går med klumpen i magen heile tida, livredd for å gløyme noko, sende med noko feil, eller at det skal vere eit eller anna dei kan ta meg på, noko å sette fingeren på.

Kjenne meg som desse teikneseriefigurane som plutseleg får ei stor neonraud pil peika mot seg:

«Sjå der!! No har ho gjort det igjen- vi har no alltid sagt det, ho har ikkje kontroll!!!»

Men ingen lyttar når eg snakkar, ingen skjønar kva eg seier, det blir ord mot ord.

«Vi ser ingen større autismeproblematikk, det er i alle fall ikkje slik som alle andre autistar- vi har erfaring».

«Nei» kvirskrar du stille- bornet mitt er heilt unikt.

Det er dei forresten alle innan spekteret, dei er jo ikkje ei diagnose, dei er menneske.

Unike flotte menneske med kvar sitt behov, kvar sin måte og sjå livet på, og kvar sin forutsetnad for å fungere.

Og, det er berre autismespekter som favnar rundt alle desse utfordringane.

Ser de når bornet mitt ler?

Ser de når bornet gjere disse artige små greiene som vi foreldre berre elskar?

Eller ser de berre etter feil?

Eg kjenner på det, at  de berre ser etter feil, skavankar, å ha rett!

Det eg ikkje skjønar er kva er poenget med å ha «rett», kven er det som tapar i vegen for å seie: «kva var det eg sa?»

Jo det er bornet.

Krenka, utmatta, utan tiltru og tatt i frå ei tid som berre skulle vere glede.

Eller nei, ikkje berre glede, men også utvikling.

De skjønar- born med autisme kan gå tilbake i utvikling om dei ikkje får den hjelpa dei treng.

Born med autisme som vert misforstått kan bli både sinte og utagerande, ja eg kranglar ikkje på det!

Det eg kranglar på er at ingenting skjer utan grunn, mitt born vert verken såra, sint eller lei seg utan grunn.

Akkurat slik som alle andre born.

Ofte kjem sinnet heime- den kjem utan forvarsel.

Det er fordi episodane som skjedde før ikkje har blitt bearbeidd, slik at den seinreaksjonelt kjem mange timar etterpå.

Men, dei er like vonde, like utmattande, og endå meir frustrerande fordi vi foreldre ikkje har mogeleghet til å vere i forkant.

Skjønar de det?

Vil det skjøne det?

Når skal de skjøne det?

Eg ynskjer ikkje å måtte ha hjelp, men eg må det.

Eg skal halde meg på beina i mange mange år, vere ressurs, støtte og hjelp, og vere både verje og primus motor for mitt born.

I staden for å vere det befinn eg meg i ein malstraum av fordømming og utmatting- kampar med fylkesmann, brev, klagar, ankar!!!!

Rundt og rundt og rundt!

Eg er sliten, så inni margen sliten!

Men mest av alt er det erkjenninga som rir meg som verst.

De trur meg ikkje…»

 

-Ukjent mamma

 

Skriven av :

 

<3<3 Ragne Beate