Mamma

12. februar 2017

« Det var ikkje før du vart mamma at du opplevde at du plutseleg vart redd for alt mogeleg.

Høgdeskrekka vart plutseleg så mykje verre, flyturen tok lengre tid enn vanleg, og du skofta ikkje lenger under bilbeltet for dei mindre turane.

Fordi du no ikkje lenger var åleine- det var dykk.

Du skulle plutseleg bli kjendt med krefter du ikkje visste, og kjensler som kunne slå deg i kne!

Det var ingen som fortalde deg kor inderleg glad du vert i bornet ditt, kor vanvittig fortvila og forbanna du og kan bli, og kor stoltheta kunne sprenge seg ut av kroppen din berre for dei minste ting.

Ei ny tann som kom, eit lys tent på ei skuleførestilling, eller då bornet ditt sa mamma for fyrste gong.

Då verda snudde ein annan veg, ikkje den leia du hadde peila ut, men ut i eit mørke utan kart og kompass, utan oppskrift eller rettleiing, så skulle du finne styrke der andre hadde gitt opp, glede der andre såg mørke, framsteg som ingen andre enn du såg.

For du er mamma, du veit!

Du bere hjartet ditt på utsida, du hadde gitt nyre, lever, blod og ånd om det var det som skulle til for å berge bornet ditt.

Du hadde tatt slag og spark, gått planken og hengt deg i galgen om det hadde hatt nokon verdi.

Fordi bornet ditt betyr aller mest!

Alt i verda!

Det er ikkje alle som maktar å stå på, det er ikkje alle som klarar det dei føle «alle andre» klarar, og det er mange som føle seg liten oppimot ei stor overmakt.

Ei overmakt spekka med «lykke» «vellukka» «sosial status» «pengar» «velstand».

Men like fullt er kjærleiken til borna sine like stor- den har like stor verdi.

Nokre sit på denne dagen og helst berre vil legge seg under dyna og vente på at dagen skal forsvinne.

Ei mamma som har mista eit born- eller blitt fråtatt det av andre grunnar.

Morsdagen som blir fortviling og sorg.

Fordi ei mamma er ei mamma- uansett <3

Eg fekk eit anna mammaliv utdelt enn mange andre, men dele og min skjebne.

Livet er alt anna vart satt på vent for å få det kjæraste du har opp- bort og fram.

Eg hyllar dykk!

Eg hyllar dykk alle!

Og eg håpe at uansett kva kategori mamma du er, så vit at vi dele alle eit felles utgangspunkt:

Kjærligheten til det kjæraste vi har, våre born <3

Du er unik, verdifull og viktig!

Gratulerer med morsdagen!

 

<3<3 Ragne Beate