Finne vegen inn til dykkar «Sovjet»

16. februar 2017

« Vil eg nokon gong skjøne dykk skikkeleg?

Fullt ut har eg vel gitt opp, dit hen kjem eg aldri, så eg har bestemt meg for å heller la meg facinere, men vil eg nokon gong skjøne?

Og, ikkje minst, vil resten av samfunnet rundt skjøne dykk?

Den siste tida har de hatt fokus på Sovjet.

Alt som omgir dykk er linka til Sovjetunionen, til Stalin og til ein og annan krig.

De sit med slik kunnskap, det kan blåse vaksne av stolen med fakta, og de snakkar saman om alvorlege ting, eller- de skjønar ikkje alvoret, de berre elskar fakta.

Det som facinere meg som mamma er at inne i denne bobla av russisk særinteresse så er det framleis de to.

De legg planar som andre også kunne ha gjort, saman, om forventingar om det skal skje når de blir store.

Kvar de skal flytte, kva jobb de skal ha, kven som skal bo kvar, ja til og med mamma har fått seg ein eigen sovjetisk by som eg skal bu i, men vil bli transportert heim til Oppedal kvar torsdag for å lage middag til pappa.

I anten helikopter eller hangarskip- det kjem ann på vindretninga!

Pappa kan jo logisk sett ikkje bli med til Sovjet sidan han jobbar på ein båt og må grave med gravemaskin på garden når han er heime, men kvar torsdag så må mamma heim.

Ellers er det greitt at mamma er i nærleiken- i Sovjetunionen.

Draumen de har er uoppnåeleg, og den er ikkje virkeleghetsnær i det heile tatt, så vi må, både skulen, avlastning og heime tone den ned, pensle de inn på andre ting, prøve å få fokus over på det som er verkeleg, men de stretar i mot , de ynskjer ikkje å vere der akkurat no, det ynskjer å vere i verda Sovjet.

For sjølv om Sovjet er histore, bokstaveleg talt, så er det ikkje det for dykk!

For der er det trygt og godt- der er de synkrone de to- der inne er de sjef.

Tenk- at de kan fortelje med meg fakta om eit land eg ikkje har noko med å gjere, årstall trillande ut som perler på ei snor, men de å skjøne at ein må ha fokus framover når ein ser ein bil og ikkje vase seg ut i gata er omtrent klin umogeleg.

Eller at ein verkeleg kan såre andre med kommentarar som for så vidt er riktige observert, men som ikkje er heilt «innafor» å rope ut til almennheita.

Lekse opp for dama i kassa på butikken om kva Stalin gjorde ein eller annan gong langt bak i historia, men å skjøne at ein må kle på seg FØR ein går inn i ein butikk kan vere så vanskeleg å forstå.

Det eg kanskje kan skjøne, er kvifor ting kan blir så vanskeleg for dykk å handtere in real life.

Fordi, verda de serverer meg på eit sølvfat i form av lange avanserte setningar og oppbyggningar av rollespel mellom ,dykk har skjedd før.

De har lest om det, googla, sett utallige sekvensar på youtube.

Mamma har vridd seg i håret av fortviling, inndratt Ipadar, justert på foreldrekontroll, men de finn de som de ynskjer uansett.

I facinasjonen Sovjet har de full kontroll.

Mens i den verkelege verda er de heilt steikje avhengige av at vi andre rundt tolkar for dykk og hjelpe.

For denne verda har ikkje skjedd endå.

Det er den verda som slit dykk ut.

For ein veit ikkje kven som kjem på skulen, kva dei andre gjere  i situasjonar der de treng det  lisje ekstra.

Sperra som andre har, som de ikkje har, forståinga som dett mellom to stolar mens verda rase forbi, nådelaus og krevjande.

Ikkje berre for dykk men og for dei andre i klassa de går i.

Temposamfunnet, «dure på AS».

Nokre gonger har de allereie nådd smertegrensa for stress før de er komt til skulen, på grunn av dårleg søvn, uforusette ting som skjedde om morgonen, eller eit eller anna anna som mamma ikkje har klart å fange opp.

Stressa før halv 9- og det er mange timar att..

Det er nok trygt i «Sovjet», med alle fakta og historiar som skjedde før.sovjet

Eg skulle bare ønske eg og visste veien nokre gonger inn der.. veien til dykkar Sovjet.

Så eg og kunne skjøne litt meir <3

 

<3<3 Ragne Beate