Når begeret renn over

18. februar 2017

*SKRIVEN I SAMRÅD MED MAMMAEN NEVNT I TEKSTEN UNDER*

 

Når summen av stress blir for høg, så renn begeret over, det er berre ikkje til å unngå.

Mange trur at det må større eller mindre katastrofar til for at eit beger skal renne over.

Altså hendingar som ein kan sjå, eller for å omreferere meg litt, som alle ANDRE kan sjå.

Det er lettare å skjøne noko ein kan sjå ikkje sant?

Sanninga er at det er summen av dei mindre tinga, dei tinga som alle andre tek for gitt som kan vere den utløysande faktoren til at ein klappar i hop som forelder, det er svært sjeldan dei heftige episodane- då må vi nemlig vere i nuet og handtere den.

Det finnast ingen ferie frå autisme.

Eg kjenne ei mamma, ei heilt superflink mamma, som står på natt og dag for borna sine, eine bornet har diagnose, det andre er endå under utredning.

Ei utredning som har strukke langt utover i tid.

Er det å få eit namn så viktig då? Tenker kanskje du.

«Bornet er det same» bla bla bla.

Vel, eg trur ein må ha born med utfordringar for å skjøne kor viktig det FAKTISK er å få eit namn på utfordringa.

For korleis skal ein få andre til å skjøne utfordringa om det ikkje har eit namn?

Når mange ikkje ein gong skjønar KVIFOR ein må ha eit namn?

Ein ny stein til børa.

 

Vidare kjem feriane og helger.

Flotte dagar for mange, men ikkje for alle.

Dagar der misforståingar kan velte store lass, og frustrasjonar over endring kan slå ein i kne.

Eller andre dagar der ein heile vegen går på tå hev for å forebygge eventuelle katastrofar.

Dei dagane er faktisk verst!

Tru det eller ei, men det er lettare å handtere synleg raseri, enn den som berre ligg og ulmar.

Ein må nok kjenne det på kroppen og oppleve kva belastning det kan vere å gå slik over tid, eg skulle ønske det var mogeleg å vise det- verkeleg vise det- slik at dei rundt kunne forstå.

Ein ny stein til børa.

Mammaen som eg kjenner fortel om å møte på møter og bli krevd pålogga og samarbeidsvilleg, sjølv om ein ikkje kjem nokon vei.

Ingen aksept for at ho er sliten, ho tør ikkje eingong seie det høgt, fordi redselen for å at nokon ikkje skal tru at ho maktar ved oppgåvene er så stor at ho bit det i seg.

Skulle hatt meir avlastning, skulle hatt meir hjelp, kvifor funkar det ikkje på skulen?

Er det meg det er noko gale med?

Er eg ei dårleg mor?

Kvifor får eg det ikkje til??

Ein ny stein til børa..

Oppi det heile skal man og pleie eit samliv som lide under eit konstant press og fokus på å brannslukke.

Eit fokus som skulle vore retta mot to, men som alltid blir retta mot fire.

Ei verd som skulle vore plass for og berre vere to avogtil, men som blir gjennomsyra av dårlig samvit, bekymringar og utslitte hovud.

 

Ein enda større stein til børa.

 

Andre gonger er håpet der, ein søknad om hjelp, ei hand strekt ut til øvrigheita om «sjå meg, sjå oss, hjelp oss»- AVSLAG.

 

Det var vel då begeret rann over…

 

Mange steinar raser til slutt.

 

Eg skjønar.

<3<3 Ragne Beate