«Å spele på lag med særinteressene»

20. februar 2017

Eg har skrive mykje om særinteresser desse to åra eg har ført pennen på bloggen «På Randen med Ragne».

Meir eller mindre fortvila, ofte med latteren i halsen, men og med ei og anna tåre, for særinteresser kan vere veldig overveldande for dei som er rundt.

Vår karriære innen særinteresser og hangups, (som eg skriv tidligare er denne intense opphenging i eit eller anna som tilsutt blir erstatta med noko nytt) har vore ganske så snever men alikevel alsidig.

Vi har digga gravgårder, kister, har vore igjennom heile fyrste verdskrig og andre, og ikkje minst hatt ei lengre periode med den kalde krigen.

Vi har hatt hangups på sjukdommar som tuerkulose og polio, og brukt mykje tid for å finne ut på gravsteinar kven som døde når og av kva ut i frå årstall født og død.

Det her høyres fryktelig makabert ut, men det er eigentleg berre ei teknisk greie.

Det er historia som facinerar mine tvillingar på 9, historia og talla som fyljer med historia.

Faktabasert facinasjon som tek fullstendig overhand om ein ikkje får litt hjelp på vegen til å tenke på noko anna.

No har det, som mange sikkert har skjønt, dreia litt i heimen, og den raude vinden har inntatt heimen.

Sovjet unionen, Russland, Stalin og Putin, og ikkje minst kommunismen.

Eg kunne ikkje anna enn å flire då eg etter å ha vore i gangen og heng opp nokre kle høyre eit jubelbruuuus frå stua, og to overengasjerte småtroll sto i sofaen og brølte JA!

Biletet på skjemen var eit russisk lag som hadde vunne 1 plassen i ski VM!

Der er vi liksom;)

Viss ein gidd å sitte ned å lytte så vil ein høyre forteljing av historie som ein lære på videregående, men som mine gutar kan på rams.

Og den sit- det er det galnaste av alt- det sit som spikra.

Vi kan ikkje sleppe gutane våre laus i  særinteresse feltet sitt åleine, då dei i samspel med andre born alltid vil kome til kort.

Innfallsvinkelen: «Visste du at Stalin døde i 1953?» er liksom ikkje trumpkortet for ein sosial setting med ein 9 åring.

Så her må man pensle inn på andre ting, og motivere  og veilede så ein kjem inn på andre spor , som sisten eller fotball.

Men, her heime så bruke eg særinteressa til gode samspel, og ja, ok! Litt list og!

Vi slite med uvariert kosthold, då eine guten vår er småspist og svært sær i matvegen, den andre et godt, men svært lite variert.

Men, så kom min geniale mann i frustrasjon på at han kunne kalle maten russisk!

Og, kven spiste opp maten sin trur de? Joda det var gutta boys!

Eg har kokt russisk risengrynsgrøt kvar morgon no i 2 veker, den sklir ned på høgkant, og i går hadde vi russiske nuggets av kylling, dei sleit vi litt med å skjøne var russiske sidan der var «solvinge» som sto på pakken, men sidan vi alle 3 vart einige om at ingen hadde visst i Noreg at det var nuggets om det sto på russisk, så var det greit at det sto «Solvinge».

« Ikkje alle kjenne Stalin som oss»- kom det som bikommentar då eg la nuggets i handlevogna- eg valgte å ikkje ta den vidare der og då.

No er det vinterferie, og for at eg skal sleppe å reise å handle kvar dag med 3 born på slep så har vi skrive meny.

Den vart som fyljer:

 

Kva skal man seie?

Målet helliger middelet!

Eg anar ikkje om eg får i dei alt det her, om eg gjere det så må det inn i historiebøkene, men veit de, eg skal jaggu ta å prøve!

Ha ein flott start på veka alle!

 

<3<3 Ragne Beate