Toppen av isfjellet

21. februar 2017

(lånt fra Faceook gitt :))

«Dette biletet gav meg frysningar umiddelbart då eg såg det.

Eg trur eit kvart menneske uansett livssituasjon eller ståsted kan relatere seg til biletet, men eg trur kanskje eg ser det litt annerleis enn den vanlege mannen i gata.

Dog trur eg at mange ser det med meg.

Livet over isfjellet er det alle andre ser.

Status blir satt om isfjellet står høgt i vatnet, er i ferd med å smelte eller ligg meir eller mindre skjeivt.

Ut i frå desse kriteria så dømme vi dei menneska vi møte på vår veg.

Den ressurssterke forelderen, der isfjellet vise seg majestetisk og ligg fjellstøtt i vatnet.

Alle kan sjå at her er alt på stell- her er nokon som kjem seg fram og som taklar sine utfordringar på strak arm.

Det er ikkje mange som tenkjer på kva som er under isfjellet her…

Andre kan identifiserast med eit isfjell som smeltar, eller minkar om ein ynskjer det.

Dette er mennesker som framleis blir betegna som ressurssterke men som nok er slitne.

Ein ser det kanskje på eit ansikt som er sliten, ein rygg som er meir luta, eller tar lettare til tårer på møter.

Her kan ein kanskje undre seg litt over kva som kanskje er under isfjellet, men det er no vel ikkje så prekært?

Ingen tiltak blir satt inn, ikkje tek ein søknaden om meir avlastning til hurtigebehandling heller- her har ein framleis kontroll ser du.

«Alle» blir jo slitne ein eller annan gong, det er jo ein kjennsgjerning ikkje sant?

Siste biletet er isfjellet som ligg på skakke og som kanskje er i ferd med å synke.

DÅ aksjonerar verda!

Kva befinn seg under isfjellet?

Kva er kilda til at den søkk?

Kvar skal vi sette inn fokuset?

Korleis held vi familien flytande???

 

SANNINGA mine vener er at alle menneske ber på utfordringar under isfjellet sitt i større eller mindre grad.

Alle møter vi utfordringar som kan dra oss ned, gjere oss slitne og mismodige.

Grunnen til at foreldre med born med spesielle behov er meir sårbare enn andre er at i det bornet får utfordring så startar isfjellet å smelte.

Idyllen brest- og det startar kampar som ikkje alle maktar å takle likt.

Under isen til den ressursterke familien ligg same utfordringar som hos den familien som isen er i ferd med å bikke over for.

Men, den ressurssterke familien har makta å få nok hjelp, nok strategiar til å takle kvardagen sin.

Andre er berre ikkje slik.

Hos nokre så smeltar berre isen og fjellet bikkar utansett kor ein kjempe, eller kanskje er så sliten at man ikkje makte å løfte guarden meir enn 2 mm opp før ein dett i kne.

Det er difor ein treng avlastning, det er difor familiar må bli sett, hørt og forstått i frå sitt ståsted FØR isberget bikke og synk!

Toppen av eit isfjell er berre toppen av eit isfjell, under den ligg utfordringane, følelsane, og ressursane- gløym ikkje dei!

Det skal ikkje så mykje til ofte for å snu eit synkande isfjell,  få bygd opp ressursar og snu ein dårleg kurs.

Men ein må snu det i tide- før isfjellet brest i to og søkk!

 

Sjå på biletet, kva ser du?

Kvar kan du hjelpe nokon?

Og kvar kan du hjelpe degsjølv?»

 

<3<3 Ragne Beate