Ein hyllest til fagfolka på grasrota

22. februar 2017

Det har vore heftig debattert siste mnd , i avisinnlegg og på Facebook om kva som er best avlastning for familiar med spesielle behov og deira born.

Frontane er steile.

Nokre meiner at bustad og institusjon er det rette , mens andre meine det omtrent er som å sende nokon i fengsel, og at det er kun BPA som er det rette for ein god livskvalitet her i livet.

Eg sjølv meiner at ein skal kunne få velje kva som er riktig for ein sjølv og sitt born, og at det for nokre kan vere riktig med bustad, mens andre vil ha god nytte av BPA.

Så forskjellige er vi alle, så forskjellige er alle familiane og deira behov, her finnast det ingen fasit.

Men, no var det ikkje det innlegget mitt skulle handle om.

Dette innlegget er ein hyllest til fagfolka og dei ufaglærte som får faget sitt bretta ut i media.

Som må lese om arbeidsplassen sin beskriven som noko fælt og grusomt, som skjer med andre menneske.

Eg har lyst til å sende ein stor takk til alle dei som tek seg av born som er på avlastning med glede, iver og lyst.

Som går på jobb og prøve å gjere avlastninga til dei borna som er der kjekk, givande og med masse meistring.

Gudane skal vete at de ikkje har ein enkel jobb!

Eg vil takke dykk for å klare å stå i utagering, som vi foreldre veit  skjer, også under dykkar omsorg, og for at de klare å løyse det på gode måtar.

Takke for god kommunikasjon med oss foreldre, også om dei tinga som er vanskeleg, og for at de lyttar og tek det vi seier på alvor.

De er dei menneska vi som foreldre må stole mest på i heile verda, de har ansvaret for det kjæraste vi har, både natt og dag, og vi må legge både hjartet vårt og sjela i dykkar hender.

For, når alt kjem til alt, så handlar det om små mennesker som kom til verda med ein ekstra bagasje, sårbare, nydelege, krevjande og sarte.

Små menneske som treng nokon ilag med mamma og pappa  som ser dei for det dei er.

Sommerfuglar som treng hjelp til å løfte vengjene, og korleis ein kan gjere det på best mogeleg måte.

 

TUSEN TAKK!

 

 

Eg veit at ikkje alle opplev ein god avlastningssituasjon i bustad, og at der finnast mange med avvik, men eg syns alikevel ikkje det er riktig at alle skal takast under ein kam når man diskutere problematikken bustad- BPA.

Dei aller fleste som jobbar gjere ein kjempeinnsats, med pengekniven frå kommunane på strupen.

Det gjere også dei som jobbar som BPA heime hos brukarar.

La familiane få velje kva avlastning som er rett- og la oss hylle dei som har valgt som yrke å hjelpe oss.

Kvardagsheltane <3

Dei er verdt si vekt i gull <3

 

<3<3 Ragne Beate