Kan man  nokon gong slutte å kjempe?

24. februar 2017

Eg sitte på min vanlige plass på kjøkkenet, med kaffikoppen på høgre side og hunden ved føtene mine, og høyre på gutane i stua.

Vi har åpen løsning mellom kjøkken og stue så eg har full kontroll, men akkurat no sitt eg litt tilbakelent og berre lyttar.

Lyttar til latteren deira, kor dei diskuterer og legg planar ilag, dei to, uadskillelege, brødre, tvillingar, to men alikevel eit.

Eg sitte å tenke på kor godt vi har det her på garden vår, i vårt eige lisje univers der livet andre ser på som unormalt er heilt normalt.

Plassen der vi kan senke våre skuldre, og berre vere oss.

Alle kampar eg har kjempa, alle runder eg har gått med det offentlege er langt unna her ute.

Tankane har fått pause her ute i enden av ein veg.

Men vil eg nokon gong kunne slutte å kjempe for mine gutar sitt ve og vel?

Vil eg nokon gong kunne få den mogelegheiten til å «gå av med pensjon» når det kjem til det gutane mine treng av støtte, oppføljing og hjelp, også når dei blir vaksne menn?

Randi Tyvold er mamma, akkurat sånn som meg.

Mamma til autistiske Helga, som er født i 1980 same året som eg er født, og til to andre funksjonsfriske born.

Randi er også ei stolt bestemor slik som mi eiga mamma er.

Men, forskjellen på mi eiga mamma og Randi er at ho dei siste snart 37 åra har kjempa for si dotter.

Kjempa for dattera som var karakteriserte som ein av dei tyngste og krevjande brukarane dei hadde i kommuna, men som når dei fant løysinga, nemlig «nordsjø turnus»- altså ei minimisering av ansatte rundt Helga, og eit meir stabilt system, fekk så ei ung kvinne som blomstra og fekk vise sitt potensiale.

Ein livskvalitet verdig eit menneske.

Randi er ein tøffing, og ho er ikkje blitt mindre tøff med åra! Ho står på barrikadane for sin dotter, det kostar, det kostar så det syng etter, men har ho noko anna val?

Heilt opp til statsministernivå-  Erna på besøk i Helga si leilighet, bydd på grønnsaker med dip.

«Sjå kva vi har fått til- sjå kor godt Helga har det!»

Eg kjenne det knyt seg i magen, er det ikkje sjølvsagt at born som mine og Randi sine skal ha det godt?

Er det nokon i dette landet som ikkje ser for seg at borna deira skal ha gode liv?

NRK skreiv føljande artikkel om Randi og Helga:

https://www.nrk.no/hordaland/mor-fortviler-nar-helgas-hverdag-endres-1.13394384

I artikkelen seier helse og sosial byråd Gåskjenn følgande:

 

«Gåskjenn forsikrer at kommunen ikke gjør endringen for å spare penger.

– På sikt vil dette være bedre for de ansatte, for det er slitsomt å gå syv dager i strekk. Min etat mener at dette er en bedre løsning. Men vi skal selvfølgelig følge Helga tett, sier Gåskjenn.»

De ansatte hos Helga som NRK har snakket med, sier at de er godt fornøyde med dagens turnus.

Det vil på sikt bli betre for dei ansatte….

Er det der fokuset skal ligge?

Er det dit vi kjem,vi som ligg  nokre år bak Randi og Helga, eit liv som er prisgitt kva kommuna meiner er bra for dei ansatte?

At våre born sine behov, kjensler og mogeleghet for gode kvalitetsfulle liv ikkje er reelt å få til uansett, fordi vi må innfinne oss i ein boks som for svarte svingande ALDRI vil kunne passe oss!

ALDRI!

«Dei ansatte hos Helga er godt fornøgde med dagens turnus».

Ikkje eingong det vert tatt til følje.

Fornøyde ansatte med minimalt med sjukefråvær og som jobbar med ein brukar- nei veit de, dei jobbar ikkje med ein brukar, dei jobbar med Helga!

Ei snart 37 år gammal kvinne som fekk eit anna livsløp enn denne 80 modellen som sit på kjøkkenet sitt, med kaffikoppen og ser utover garden sin og føle seg fri.

Helga fortene ikkje mindre enn meg.

Helga er like verdifull!

 

Eg håpe eg held meg frisk, eg håpe eg får lov til å leve lenge, og eg håpe at eg makar å stå i kampane slik Randi gjere for si dotter når mine sine blir store.

Håpet er at eg slepp på kjempe.

Realisten i meg seier at det nok ikkje skjer.

 

<3<3 Ragne Beate