«Sårbar»

26. februar 2017

Aldri er man meir sårbar enn når det kjem til borna sine.

Sårbar fordi dei betyr noko opphøgd over degsjølv.

Du kan nesten ikkje setje ord på det ein gong.

Det berre er.

 

Ingen røre så mange følelsa i deg som bornet ditt.

Frykten du ber for at dei skal feile

For at dei skal bli mobba eller ikkje likt

Gleda over scoring på lilleputtlaget i fotball.

Kyngefotballen der alle er på ei side av bana, og det berre er flaks at det var ditt avkom som traff ballen.

Men det var ditt!

Ditt born.

 

Sårbarheten du kjenne når du står i diagnose augeblikket

Navnet er satt

Og det einaste du kjenne er skuld.

Har eg gjort noko gale?

Kva kunne eg ha gjort annerleis?

Har dei trua på meg desse som står her forran meg og fortel meg om ei framtid eg definitivt ikkje skreiv meg på!

Eit lodd eg ikkje kjøpte, ei heller var med på trekinga på- trudde eg.

Arv- miljø-vaksiner-mat.

Uæææææææææææææ!!

 

Du ropar så høgt at halsen blir sår!!

Men det hjelpe så inderleg lite..

 

Du føle deg sårbar i møte med andre.

Dei andre som ikkje forstår

Dei som forstår men kanskje berre litt?

Dei som skjøner masse men som berre ikkje skjønar deg!

Kor sliten DU er , kor opprørt DU er, kven DU er.

DU mistar litt degsjølv..

Sårbar for di oppfatning av noko som andre ser som peace of cake.

«Du veit andre har det verre»- ikkje sant?

«Hjelp ikkje meg» kviskar du..

 

Så endrar den seg- sårbarheten.

Den går seg til.

Framleis kan du bli trakka på tærne, framleis kan du brenne opp i eit illsinne over desse som berre ikkje KAN forstå korleis du har det!

Men du er sårbar på heilt andre måtar

Du har lært deg å bygge opp eit skjold.

 

Skjoldet du ber forran deg er bygd opp av erfaring,

På kompetanse bygging over tid

Det er bygd opp av forståing av eigen situasjon og bornet ditt.

Borte er sårbarheten over «påført autisme».

Tilbake er vissheta om at det vart no enn berre sånn.

Du får forståing av at alle er forskjellige, og at nokre takle ting annerleis enn deg.

Det er heilt greitt, det betyr ikkje at du skal miste degsjølv på vegen.

Du finn vegar ut av «uføret» på heilt andre måtar, fordi du veit kva som funkar for dykk!

Skjoldet gir vern for teite kommentarar og «velmeinande råd», og hjelpe deg å sile ut det verste.

Det hjelpe deg og når ting går fullstendig skjeis, og du treng ei ro, ein tålmodighet og krefter du ALDRI trudde du innehadde.

Før autismen banka på.

 

Men, når kvelden går mot natt

Og stillheten breier seg i hus

Kan det komme ei stille tåre

Ein bit av hjartet som er knust.

 

Uansett kor mykje ein lære

Kor tjukt eit skjold ein ber i hand

Er man sårbar i annerleislivet

I kampen for å få skuta til lands.

 

«Different but not less»

<3<3 Ragne Beate