Kva kjennetegne godt samarbeid ?

28. februar 2017

Vi snakkar så mykje om samarbeid, heile tida snakkar vi om samarbeid.

Det er snakk om samarbeid mellom etatar, samarbeid mellom linjer, det er samarbeid mellom heim og hjelpeinstansar, og det er snakk om samarbeid innad heimen.

Heile vegen blir det framheva viktigheita av samarbeid og godt samarbeidsklima.

Men, kva er eit godt samarbeid?

Slik eg ser det er det fleire ting som må på  plass før ein får eit godt samarbeid.

Det fyrste er truverdighet.

Foreldre må tru at det her kan løyse seg, og den parten, den andre delen av samarbeidet om ein kan kalle det det, må vise at dei er klare for å finne ei løysing.

Grunnen til at truverdighet er så viktig er at foreldre veldig ofte og mange i stor grad har hatt eller har, dårlege erfaringar med hjelpeapparatet.

Eller, har blitt møtt feil fyrste gongen dei trengte hjelp.

Diverre er det ikkje meir som skal til for å få eit dårleg utgangspunkt, den vonde kjensla av å ikkje bli trudd.

Det andre som trengs for eit godt samarbeid er kompetanse.

Og kompetanse det er så mangt det, det betyr ikkje nødvendigvis at ein skal ha gått 3-4 år på høgskule.

Det å kunne annerkjenne foreldre sin kompetanse rundt sitt eige born, er heilt essensielt for å få til eit  godt samarbeid.

Ja, det kan faktisk vere nøkkelen.

Å dra nytte av den kompetansen og den viten som foreldre har om bornet sitt reaksjon og handlingsmønster, saman med den kunnskapen ein har i frå skule eller eigen erfaring, den er så viktig!

Det er jo då ein samarbeidar- deler informasjon, diskuterer seg fram til gode tiltak, og møtast på midten.

Og ikkje minst, på den måten så snakkar man og om eit menneske, og ikkje om ein «brukar.»

Diskusjonen blir individuell og ikkje generell, og ikkje som i :

«Vi har hatt born med autisme før» eller «Ja, vi har god kjennskap til Asperger syndrom her hos oss»- nei vi snakkar heller om  «Ola»- 5 år, med autisme.

Gutten som kan alle bilskilt, men som må passast ekstra på fordi han like gjerne spring ut i vegen for å sjekke skiltet, i staden for å vente til bilen står i ro.

Ola som elskar banan, men som ikkje kan fordra eple, og som gjerne likar å tømme kaffikoppar opp ned, fordi sirklar er kjempespanande.

Bornet som snakkar flytande norsk- men som ikkje skjønar halvparten av det som skjer, fordi språket er mekanisk innlært, og han treng grunnleggande forklaring på ting.

Spesielt sosiale situasjonar.

Ja, kjennskap til autisme vil kunne gje deg ein peikepinn på at sosiale situasjonar er krevjande, men det vil ikkje fortelje deg ein døyt om Ola som person.

Godt samarbeid krev og at vi foreldre må svelge nokre kamelar.

For vi får ikkje til alt.

Det må seiast og det må skrivast.

Vi vil det beste for vore born, og ingenting anna enn det beste er godt nok, og det skal vi aldri slutte å kjempe for, men skal vi kome oss nokon veg så må vi møte hjelpeapparatet vårt på vegen.

Det er stor forskjell på kva vi kan krevje og kva vi har krav på, og ein kvar pragagraf kan tolkast forskjellig.

Vi må bli flinke og smarte til å velje dei kampane som er viktige for oss, og stå på dei, og la flisespikkeriet ligge.

Treng ein ei garasje full i hjelpemiddel, eller treng man det hjelpemiddelet som funkar?

Kanskje ei teit setning, men les den fleire gonger og tenk.

Kva er viktig?

Kor vil ein hen?

Kva kan gagne bornet ditt?

Kva treng du som forelder?

Treng du fri annan kvar helg for å vere ein god forelder, så er det ein kamp som er viktig å kjempe.

Men då må kanskje andre ting vike, poenget er at skal ein stå i 100 kampar på ein gong så slit ein seg totalt ut og mistar oversikta.

Og det gagnar verken deg, familien din eller det uhyre viktige samarbeidet du er avhengig av.

Ein annan ting er å ha ein god koordinator som kan hjelpe seg.

Mange har det, andre har ingen.

Same land- ulik praksis.

 Samarbeid er eit av samfunnets mest brukte ord, men alikevel kan det vere noko av det vanskeligaste å gjennomføre, merkeleg nok.

Eg vil avslutte med å seie at ei god dose høflighet, ikkje gløyme sin oppdragelse, og logge på empatien heller ikkje skadar eit samarbeid med familiar i krise.

Dei treng kanskje tenesta for å overleve eit liv med autisme 24/7.

Saksbehandlaren går heim klokka halv 4.

 

<3<3 Ragne Beate