Eigentid- er det egoisme?

2. mars 2017

«Kvifor får man born om man vil ha fri?»

Mange har skrive om dette, om eit samfunn i endring, der jag og mas tek vekk verdifull tid med borna.

Eg kan til dels vere eining, når det gjeld kjas og mas, men eg er ikkje einig i at eigentid er egoisme.

«Ein må kunne fylle sin eigen kopp for å vere ei god mamma» var det ei god venninne av meg som sa i ein samtale vi hadde i dag.

Og ho har heilt rett!

Ein må evne å ta vare på segsjølv for å mestre kvardagane, det er viktig for alle familiar, men hos familiar med born med spesielle behov er det ekstra viktig.

Eg trur eg har mange med meg når eg seier at ein av dei tinga ein må velje vekk når ein får born med utfordringar, så er det ein sjølve.

Eige sosialt liv skrumpar inn, mange må anten ned i stilling eller dett utan for arbeidslivet, og det er mange prosessar ein må igjennom for å finne sin plass, kjenne sitt nye liv, og finne vegar som funkar for seg.

Eigentid dett ned imellom to stolar.

Mange veit ikkje lenger kva det er.

Å ha tid for seg sjølv.

Andre rundt tenker kanskje at dama som «berre går heime», er sjukmeldt eller jobbar redusert har MASSE tid til segsjølv iløpet av ein dag.

Mange kritiserar kanskje at dei har borna lenge i barnehagen, at dei har SFO når dei tross alt «berre går heime».

Det er ingen som spør desse foreldra korleis natta har vore eller kva periode dei er inne i,om livet er vanskeleg eller bra no..

Mange med born med autisme har opplegg både i barnehage og skule som krev at borna er der- den tida det treng for å få gjennomført opplegget.

Når eg hadde born i barnehagen så hadde eg «kjernetid»- eg leverte til eit tidspunkt og henta til eit anna, alltid, det var slik det måtte vere for at gutane skulle få den treninga dei trengte.

Den tidlege intervensjonen som vi har vore så sinnsjukt heldige å få, sidan vi oppdaga autismen så tidleg som vi gjorde.

Men, eg hadde ikkje «eigentid»- «Ragnetid» då.

Eg prøvde å sove litt, fordi det var då eg kunne sove, eg prøvde å ordne huset, fordi det var då eg kunne gjere det, og eg fekk inn alt av papirarbeid og møter i denne tida- fordi det var då eg hadde mogeleghet.

Elles var eg, og er eg, bunden på hender og føter- fordi gutane treng det dei treng når dei er heime.

Eg klagar ikkje, eg forklarar berre at den eigentida mange trur foreldre har når borna er ute av heimen ,alikevel omhandlar borna og deiras ve og vel.

Ein må også vere tilgjengeleg på telefon om noko skulle skje.

Eg har ikkje tal på kor mange avbrutte fjellturar eg har hatt oppigjennom åra, der eg med eller utan hund har halsa meg ned av eit eller anna fjell fordi noko har skjedd.

Det er kvardagen folkens- og eg er ikkje åleine om denne.

Difor seier eg no høgt og tydeleg så de alle kan lese det med store bokstavar:

«DEN EIGENTIDA DE FÅR ER IKKJE EGOISME!»

Tvert i mot, vi burde vore mykje flinkare!

Vi kan heller ikkje samanlikne oss med familiar utan born med spesielle behov, fordi då går ikkje kabalen opp rett og slett, det er ikkje samanlignbart.

Ein eller annan plass på vegen må man klare å hente seg innatt, og det er opp til kvar enkelt å finne sin veg.

Nokre spring på fjellet, andre ligg pal på sofaen i avlastningshelga og ser Netflix, mens andre kan teikne eller male.

Sanninga er vel dessverre ofte den og, at mange ligg med migrene eller ein kropp som berre ikkje funkar, når ein endeleg har den berømte «eigentida»-om det skjer oppatt og oppatt så er det i alle fall eit varsku om at du sjølv har tøyd strikken for langt!

Poenget er at det berre du som kan «fylle opp din eigen kopp»- ladar batteri til å stå i kvardagen.

DIN KVARDAG!

Ingen andre sin, DIN SIN!

Din familie, dine born, ditt liv.

Borna dine dømme deg ikkje for ei helg med avlastning, sjølv om det kan følast sånn av  ogtil, for du gjere både dei og degsjølv ei teneste når du makte å innsjå at du treng å hente deg inn.

Treng å få lov til å berre vere deg, om enn berre nokre timar.

Det er ei investering som er svært undervurdert!

Eigentid er ikkje egoisme, eigentid er den tingen du må gjere for degsjølv for å klare å stå i kvardagen din.

 

Mitt første spørsmål er om du er flink nok til det?

Mitt andre spørsmål er om dei rundt  har tenkt på det?

 

 

<3<3 Ragne Beate