«Bare ikkje ta frå meg respekten»

8. mars 2017

Eg kjem aldri til å bli «likestilt». PUNKTUM.

Mitt liv er ikkje sånn.

For, mitt liv tok ei heilt anna vending då eg vart mamma, eit liv som innebar at yrkeslivet vart lagt på hylla, same vart andre sosiale behov.

Livet med born med spesielle behov.

Faktisk så på hylla at eg endå leitar etter kven eg er som Ragne.

Eg klagar ikkje, eg seier det berre som det er.

Men ikkje ta frå meg respekten!

 

Eg har mange jobbar i mitt liv.

Ein av dei vikitgaste er å lære dei gutane eg har, respekt for kvinner.

Den respekten startar ved at dei kan respektere mamma.

For, korleis kan dei dei gå ut i livet å ha respekt for andre kvinner om dei ikkje har respekt for si eiga mor?

Her treng eg og hjelp av min mann, for via korleis pappa snakkar om og til mamma, så lære gutane.

Mine born er avhengige og vil vere avhengige av hjelp frå andre når dei vert store, og størstedelen av desse vil vere kvinner.

Fordi kvinner tek desse jobbane innan omsorgsyrkene i stor grad.

Difor må eg lære mine gutar å verdsette desse kvinnene for det dei er.

Stolte yrkesutøvarar som er ei brikke i eit stort pusslespel for å klare å gje dei verdige liv.

Grasrota er like mykje verdt som dei på toppen.

ALLTID!

For meg som kvinne er det også viktig å få respekt for det eg gjere.

Respekt for dei offera eg har måtta gjere for at mine gutar skal få ein kvardag som er verdig, og forståing for at eg ikkje har gjort alt eg har gjort fordi eg hadde så steikjande lyst!

I 2017 er det heller ikkje alle frie kvinner som har eit val.

Problemet er at dei ser ikkje dei som burde ha skjønt det!

Eg ønske at verdien av omsorg heime skal bli sett av øvrigheita.

At det å vere heime og ta vare på funksjonshemmede born betyr noko, og at kvinner kan få økonomisk kompensasjon for den jobben dei gjere.

Ein kompensasjon som står til den innsatsen dei gjere!

Vi er alle ulike, mange klarar og vil ut i arbeid, men for dei som rett og slett ikkje har ein heimesituasjon der det går, la dei få ha verdigheta si!

I møte med hjelpeapparat i kommunar, NAV og andre kan denne verdigheta og respekten smuldre opp i intet i målet om at alle skal yte for sammefunnet- i A4 bås.

EG ROPAR HØGT!

«SJÅ KVA DESSE MØDRENE YTE KVAR EIN EINASTE DAG!!»

Og, om du ikkje ser det så spør degsjølv:

 

«Kva hadde skjedd om desse kvinnene la ned arbeidet sitt?»

 

Eg blir aldri «likestilt», eg leve godt med det.

 

Men ikkje ta respekten min, den har eg fortjent.

 

GRATULERER MED KVINNEDAGEN!

 

<3<3 Ragne Beate