Tenke vi nok over kva vi seier?

14. mars 2017

«ADHD finnast ikkje- det er berre noko legemiddelindustrien har funne på for å tene pengar».

Dette har eg lest mange gonger siste tida, skriven i mange forskjellige former, men med same argument kvar gong.

«ADHD er ikkje verkeleg».

Stigmatisering av ei stor gruppe med mennesker med utfordringar er med andre ord heilt ok, og alle dei utfordringane, og styrkene som desse menneska bere med seg i livet, er ikkje annerkjente.

Av vaksne folk som sit bak tastatur og meiner.

Vel, eg skal seie som ein kjent politikar ein gong sa, frå mitt eige trivselfylke:

«Du veit ikkje kva du snakkar om!».

Problemet med ADHD diagnosen er at det er eit misbrukt ord på folkemunne, og dessverre så er det nokon som får ADHD diagnose som ikkje skal ha det.

Diagnosar kan og bli brukt som argument når ein ser på fungering i ein familie, og om ein taklar omsorgsoppgåvene sine.

Dei som kjenner meg godt veit at eg ikkje var høg i hatten då eg starta utredninga av eldsteguten vår i fjor.

Eg var rett og slett livredd, livredd for at eg skulle bli misforstått, for at eg skulle bli stempla som ei hysterisk mor som sanka diagnosar og som hadde fått ei så vridd framstilling av livet at eg berre såg diagnosar og ikkje min eigen son.

Vel, poenget var jo at eg såg min eigen son, eg såg at han sleit, og eg visste at vi ikkje kunne vente lenger.

Og eg hadde rett- og heldigvis vart eg trudd.

Dessverre blir ikkje alle foreldre det, noko som er ei utfordring.

Men, vi må heller ikkje gløyme at det er born og som ikkje blir hørt om sine utfordringar, som kanskje ikkje er av nevrologisk art.

Poenget mitt er at ein ikkje bastant kan avvise ei diagnose og seie den ikkje finnast!

Eg skulle ønske at alle dei som trur at ADHD ikkje finnast kunne fått oppleve korleis det er når eit menneske med ADHD får rett dose medisin ilag med forståelse og tilrettelegging.

At dei kunne fått lov til å vere med meg på foreldremøte 3 mnd etter at diagnosa vart satt, og  guten vår hadde forbedring på alle punkt!

Og veit de kor han hadde mest forbedring?

Jo, på humøret, like mykje som det faglege!

Fordi guten no meistrar!

De skulle sett tårene i augene mine når han i bilen i går fortalte meg at han hadde klart å gjennomføre framføring i engelsk forran klassa, noko han eigentleg hatar, men som han no følte han var trygg nok til å gjere, fordi han kjente han var konsentrert.

Han hadde fått mogeleghet til å meistre fordi han no får hjelp å ta til seg læring på ein heilt annan måte.

Og, lærerane han har forstår han betre no, og på den måten kan legge meir til rette for ein skulekvardag som funkar.

Skulen til sonen min har ikkje funne opp krutet på nytt, dei har heller ikkje gjort nokon enorm revolusjon i tilrettelegging, men dei har satt inn små grep:

Blyant og viskeler på pulten, så han slepp å bruke halve timen på å leite etter det blant annna.

Og mogeleghet til å ta seg ei runde ute om han treng det, noko som kanskje folk ville tru at ein 11 åring ville utnytte?

Nei, han nyttar det svært lite, men sidan han har mogelegheten så er det også ein trygghet.

For trygghet er det aller viktigaste for alle born, hos mennesker med ADHD vise det berre mykje meir om dei ikkje får det.

Forståing saman med medisin( for dei som treng det), erkjenning av utfordring, men ikkje gjere diagnosa til ei unnskyldning, og trygghet.

Det er det menneske med ADHD treng.

Verken meir eller mindre.

Det dei ikkje treng er menneske som meiner, tenker og uttaler seg om deira si utfordring som ikkje anar kva dei snakkar om.

Eg veit at ADHD finnast.

Eg nekte å bruke det som unnskyldning, eg prøvar så godt eg kan som mor og ikkje bruke det som årsak for alt som går skjeis, og eg erkjenner at ved god tilrettelegging OG forståelse, så er ikkje mennesker med ADHD noko meir annerleis enn alle andre.

Kanskje vi heller skal tenke litt meir på det?

<3<3 Ragne Beate