Våre eigne mirakel.

17. mars 2017

«Det er ikkje mange åra sidan de berre satt der, snudde bilen opp ned og snurra på hjula i staden for å kjøyre den.

Ballar kunne kastast i dykkar retning og de ensa den ikkje eingong, ikkje om den traff, om den sneia dykk eller om den susa forbi i stor fart.

Inga hand som kom opp for å verne anletet, eller latter over at ballen ikkje traff men heller susa forbi.

De viste ikkje glede over å sjå mamma eller pappa.

Eg trur faktisk vi kunne ha sendt kronprinsen til å hente dykk i barnehagen og de hadde gladleg fulgt med.

For de hadde ikkje nok evne der og då til å skilje- det var båe to innlåst i ei boble der det berre var autismen som rådde.

Åt dykk opp frå innsida og tok de frå oss, bit for bit.

Så fekk vi oppleve våre eigne mirakel.

Tidleg intervensjon som de profiterte så vanvittig bra på.

Terping, trening, utagering og raseri, men samstundes små steg i rett retning, små smil, og glede.

De fekk lære dykk å glede dykk over noko.

Tenk- glede kan lærast <3

De starta å snakke, berre det var jo eit eige mirakel i seg sjølv, og de byrja å løfte blikket.

De såg bilar, som vart til grøne bilar, som vart til bilar som var grøne stastjonsvogner, til å bli ein grøn Audi stasjonsvogn.

FANTASTISK!

Eit puslespel av tankar, følelsar, testar, evner og hemmingar som sakte men sikkert blir pussla i hop- bit for bit.

Nokre gonger så er det som om bitane forsvinn, eller at vi har lagt ei brikke feil.

Då må vi starte på nytt, gå tilbake, lese oss fram, tenke, fundere, ha møter , mange telefonsamtaler og diskutere.

Kvifor er det sånn?

Kva gjere at det vart sånn?

Korleis snur vi det?

«Vi prøvar sånn».

For ein kjem ingen veg om ein ikkje prøvar, ein kan ikkje gjere noko gale, og ein finn fort ut om det ikkje funkar.

Nokre gonger følast det som å skulle hoppe frå 10 meteren, men det er vi som må hoppe.

Vi må hoppe for borna våre- tørre å prøve, tørre å gjere feil- tørre å ta tak!

Mirakel skjer.

Eg er mamma til to mirakel.

To mirakel som vant diagnoseverda sin topp gevinst i lotto då dei fekk så tidleg hjelp som dei fekk, og med dei mest dedikerte menneska rundt dei som har stått løpet- på godt og vondt -i alle desse åra.

Mine fantastiske mirakel <3

Livet går vidare, eller det susar.

Opp ein bakke, ned i fritt fall, eit ulent terreng som framleis er vanskeleg å manøvrere i.

Men oftare og oftare opplev eg at vi finn vegar og gå som er slette, oversiktelege og ein ser langt fram.

Ser når ein må motivere, ser når ein må ta ei pause, og bedømme kor langt ein skal kunne gå før det ikkje går lenger.

Ein blir rett og slett flinkare til å snu i tide, men framleis ha komt seg eit godt stykke fram.

Også eit mirakel- eg var lenge usikker om vi nokon gong skulle kome dit.

Famtida er uviss- men noko er alikevel forutsigbart nok til at ein kan seie heilt sikkert at ein vil møte motgong, vil tape kampar, og vil både banne i fortviling og ønske å legge seg ned å bare gje opp!

Det er då ein må huske på at ein jobbar aldri forgjeves <3

Ein valgte ikkje det livet ein fekk.

Men ikkje alle er velsigna med å få oppleve eit mirakel.

 Det er difor ein ikkje gir opp!

 

God helg!

 

Different but NOT less <3

 

<3<3 Ragne Beate