Berg borna mens vi endå kan!

21. mars 2017

Dagens samfunn har born på agendaen, der omkring herskar det ingen tvil.

Foreldre blir kursa seg opp og i mente om trygghet og god grensesetting, og vi blir på ein heilt annan måte enn før gjort oppmerksom på dei sårbare borna, og at vi skal melde fram om nokon ikkje har det godt.

Og sjølvsagt skal vi det!

Borna treng stødige vaksne, trygge omsorgspersonar og ingen born i Noreg skal ha det vondt.

Det er difor det er eit forbaska stort paradoks at ein då ikkje ser det overgrepet som blir gjort når mennesker med autismespekterforstyrring ikkje får den oppfølginga det treng frå det er lite.

Eg blir rasande når eg høyre om foreldre som ikkje får tilbod om tidleg intervensjon, fordi det ikkje er kunnskap og ressursar der dei bur, når det er bevist at det er akkurat TIDLEG INTERVENSJON som er den behandlinga som funkar for born med autisme.

Ingen kur som føreligg, men eit genuint håp som ligg der i å gjere bornet best mulig rusta til å klare seg så sjølvstendig som mogeleg.

Om eg hadde nekta eit born å sette insulin så hadde eg blitt anmeldt, mista jobben, og ikkje fått nærme meg det bornet igjen.

Fordi insulin er noko som dette bornet treng for å overleve.

Og eg hadde nekta eit menneske med behov for briller å bruke det i klasserommet, så hadde eg også fått meg ein rapp på lanken, for noko sånt er jo  totalt uakseptabelt- ein kvar idiot skjønar jo at bornet treng brillene for å lære på skulen!

Og, hadde eg vore lege og sett ann ein situasjon lenge nok, som faktisk skulle vise seg å vere ein utfordrande tilstand, som gjorde at hans kvalitet i voksenlivet vart forringa, ja då kunne pasienten søke erstatning frå staten, og eg hadde vel mest sannsynlig mista lisensen.

Men, kva konsekvensar blir det av at born med autisme ikkje får den hjelpa dei treng?

INGEN!

Eller- det gjere det, det er berre det at det ikkje syner før seinare:

Konsekvensen av manglande oppføljing og adekvat hjelp i barneåra kan vere :

 

  • Store psykiske utfordringar som føljetilstand av autismespekterforstyrringa , som kostar samfunnet millionar i året
  • Mindre sjølvstendighet, meir hjelpetrengande, og som igjen kostar samfunnet millionar i året
  • Ensomhet
  • Utslitte pårørande som ikkje maktar meir! Og her bør det i alle fall ringe ei bjelle, for er det noko som kostar samfunnet grovt er når den kompetansen som pårørande sit med ikkje kan brukast fordi den pårørande er så margtom at ein knapt maktar å tenkje ein tanke.
  • Mennesker med autisme som eigentleg har kompetanse til å bidra i samfunnet på ein heilt unik måte, men som på grunn av manglande tilrettelegging ikkje har fått hjelp til å utvikle dei evna dei har, og dei difor ende som ufør i staden for i arbeid, noko som IGJEN kostar samfunnet MANGE millionar i året

 

Mennesker med autisme blir gamle, akkurat slik som du og eg.

Mennesker med autisme har same behov, ynskjer og draumar som vi andre har, dei har og like stor rett som alle andre til å få lov til å leve dei ut!

Mennesker med autisme har evner eg og du berre kan drøyme om, om vi berre er nyskjerrige nok til å leite etter dei, ilag med hovudpersonen sjølv.

 

«Eg kan berre det eg blir vist, lært eller forklart»- sa Ros Blackburn.

 

Så la oss gjere det då!

La oss vise, la oss lære og la oss forklare til vi blir blå i trynet, fordi det er det som funkar for svarten!

La oss investere der det er vits å investere og få att gevinsten i andre enden, i form av mennesker med autisme som er sitt aller beste.

Blitt sitt aller beste fordi vi trudde på dei og gav dei den hjelpa dei trenge..

Noreg anno 2017- la oss berge borna no!

<3<3 Ragne Beate

  • Silje winther

    Som jeg skulle ha sagt det sjøl!!! Min sønn er igang med sitt første år på skolen. Han var så heldig å gå i en fantastisk steinerbarnehage før skolen. I barnehagen begynte de to år før skolestart å forberede. Han skulle få en så god skolestart som overhodet mulig. Men skolen har overhodet ikke gitt min sønn den spesialpedagogiske hjelpen han behøver. De har ikke benyttet seg av hjelp fra habiliteringstjenesten som sitter med masse verktøy skolen kan benytte seg av. Hva jeg ikke forstår er at man som ansatt i skolen ikke engang setter seg inn i hva det betyr å ha en autismediagnose. Jeg er forbanna!

  • Kamilla

    Guttungen hadde en lærer som nektet å lese utredningsrapporten før han hadde blitt kjent med guttungen.. I rapporten stod det nøye beskrevet hvordan få en god skolestart….. Den ble lest etter høstferien