For å snu «generasjon prestasjon» må vi ta tilbake folkeskikken.

25. mars 2017

«Eg lure litt på kva som skjedde då samfunnet plutseleg slutta å bry seg om kvarandre eg.

Med det eg veit har det ikkje skjedd nokon «Big bang» denne gongen, men eit eller anna har skjedd.

Vi snakkar om «generasjon prestasjon», om born som blir sjuke av kroppspress og jag, av karakterar som må vere på topp, og at ein heile vegen skal jage vidare etter eit eller anna der framme som skal vere så «fantastisk»?

Men- herregud og fred!

Kva er fantastisk?

Korleis oppnår ein fantastisk?

Ved å trakke på andre? Hive seg forran i køen? Vere best til ein kvar pris?

Og, er vi foreldre noko betre?

Vi som rakkar ned på andre i sosiale mediar, tek kampar i diskusjonar med ein ordbruk som ikkje høyre heime nokon plass, og frontar våre standpunkt på ein måte som i alle fall ikkje lære borna våre folkeskikk- men heller at det er ok å rakke ned på andre så lenge ein vinn ein diskusjon.

«Alt for å vinne».

Men, det skjer ikkje berre i sosiale mediar.

Også rundt omkring på kontor i dette landet utspele det seg slike kampar, maktkampar mellom fortvilte foreldre, og steile saksbehandlarar.

Regelverk som vert tolka på forskjellig måte i kvar sin forskjellige kant av landet, og tenester som er til for å hjelpe, vert hovudpine og tenners gnissel.

Ein får ikkje nok, ein får ikkje rett, og ein føle seg ikkje verken sett eller høyrt.

Ord blir brukt i mot deg, eller formulert på ein måte som gjere at du føle deg så liten.

Det er så mange måtar å seie noko på, korleis ville du ha blitt møtt om det var deg?

Tenk om saksbehandlarane kunne ha tenkt det.

Eg personleg taklar det meste, om eg berre blir snakka til som eit verdsatt menneske.

Verdsatt.

Eg vil bli verdsatt, og respektert.

Det er vel ikkje så mykje forlangt er det vel?

Nei, det er det ikkje!

ALLE mennesker, uavhengig av legning, rase eller religion ynskjer å bli verdsatt for den dei er!

Og her kjem folkeskikken inn.

Ein treng ikkje rakke ned på andre sjølv om ein er ueinig, ein treng heller ikkje å bruke hersketeknikkar.

Det handlar om å kunne sjå mennesket, vise omsorg, empati og ikkje minst ta seg tida.

Ta seg tid til å møte mennesket, stor som liten, forstå  at det dei kjempar med betyr noko for dei, og sjølv om ein ikkje kan løyse det der og då, så er det noko med å gå ut i frå kontoret, møtet eller samtalen og kjenne på at «dette var ein god samtale».

«Generasjon prestasjon» gjere ongane våre sjuke, «ovanfrå og ned haldning» gjere foreldre sjuke, og «fantastisk» finnast ikkje!

I alle fall ikkje konstant.

Lykke er ikkje noko man kjøpe på boks, det er evna til å sjå det gode i det livet ein har, og gjere det så fantastisk som overhovud mogeleg.

Ditt liv.

Ein må lære at livet kan være ræva, men at ein ikkje gir opp av den grunn, vi må lære ongane våre at det er i motgang det går oppover, og at ein treng å få seg to på trynet før ein når pallen.

Og, vi vaksne må gå forran som eit godt eksempel på ALLE arenaer!

Ein «tusen takk», «takk for mat», «versegod» og «kan eg hjelpe deg med noko»  kan gjere underverk, og kan dekke over for mang ei fadese eller kleint augeblikk.

Og det gjere samfunnet så mykje meir positivt:)

Eg har lært meg at det gode liv kan skapast på ganske så lite, sida mitt liv har vore rimeleg innskrenka, og det er eg glad for.

Og, eg håpe eg klare å gje det vidare til mine eigne.

Eg bestrebe ikkje «fantastisk»- eg tar til takke med godt nok, og glede meg over dei dagane som er fantastiske, for dei finnast 🙂

 

Vekk med «generasjon prestasjon» og inn med «eg bryr meg»»

 

<3<3 Ragne Beate