Søsken- ressursen med byrda

26. mars 2017

 

– Det er vondt å bli flau over noen man er glad i

Én av tre med søsken med nedsatt funksjonsevne har møtt negative reaksjoner fra elever på skolen, viser rapport.

Artikkelen les de her:

http://www.kk.no/mamma/det-er-vondt-%C3%A5-bli-flau-over-noen-man-er-glad-i-43427

Det er ikkje kjekk lesing for ei mamma som meg, men det er viktig lesing, fordi eg veit at det er sånn, eg har opplev det.

Ein slik artikkel, som hoppar på nervebanane dine, og som gjere deg både trist og provosert på ein og same gong, kva kan den lære oss?

Eg håpar det er det folk tenkjer på etter at dei har lest den, og eg håpe flest mogeleg les den, for det her er viktig!

Kva kan den lære oss?

Jo:

Den kan lære oss viktigheten av å sjå søsken, erkjenne søsken sine behov, og agere deretter.

Lære hjelpeapparatet at søsken blir påvirka, at dei treng å blir sett og hørt, og kanskje er det dei som kunne ha trengt avlastning av og til?

Artikkelen skal lære oss at vi må lytte til søsken, og ta innover oss det dei kjem med, sjølv om det gjere vondt i mammahjartet, for det har dei rett til.

Det handlar ikkje om at dei ikkje er glad i søskena sine eller at dei ikkje likar å vere heime, det handlar om deira oppfatning om korleis situasjonen er.

At dei har fått negative tilbakemeldingar, at dei kan bli flaue over oppførsel i det offentlege rom som er heilt ute på videvanke i forhold til det som blir ansett som normalt.

Herlighet, har du ikkje sjølv blitt det?

Har du ikkje leita etter det store svarte holdet som du så gjerne skulle ha gravd deg ned i og tatt minimun ein tominutter, når bornet ditt igjen har trampa i klaveret så til de grader?

Sosiale antenner som berre ikkje er tilstades i det heile tatt?

Eg rekk opp handa, de ser den ikkje, men eg gjere det:

EG HAR VORE DER!

Mange gonger- fleire enn eg orkar å tenke på.

I likhet med foreldre så trur eg også søsken vert meir herda, vert meir kyniske oppimot samfunnet si fordømming, og søsken er og blir ein kjemperessurs.

Ein ressurs som burde fått kongens fortenestemedalje i gull, men som diverre berre må ta til takke med smular.

Vi kan alle gjere noko med det, og det kostar ikkje allverda.

Annerkjenning, tommel opp, «glad i deg»- «godt jobba»!

At ein av tre søsken har fått negative kommentarar om sine søsken er det kun samfunnet som kan snu.

Våre haldningar!

Våre måtar å sjå det unormale i det som skal vere «normalt».

Eg heiar på søsken, eg heiar høgt og indeleg på søsken!

Også spør eg deg som les:

 

Kva kan du gjere for at søsken kan få ein betre kvardag?

 

Kva haldningar har du?

 

<3<3 Ragne Beate