Tenk deg..

27. mars 2017

Tenk det at du skal gå inn i ei folkemengde, og det gjere deg kjemperedd.

Det er ingen der som ynskjer å skade deg, vere slem med deg, eller på nokon måte henge deg ut.

Men berre tanken på å nærme seg denne folkemengda gjere deg kvalm, svimmel, usikker og redd.

Inni deg kjempar det kampar ingen andre ser, ingen andre kjenner, berre deg sjølv og ei frykt.

«Folkemengda» der framme rommar 5 menneske-men det er nok til å setje deg ut.

 

Tenk deg at du dagleg tar inn alle lydar rundt deg, alle lukter er overveldande, og lyset, ikkje la oss gløyme lyset.

Takrenna der ute hamrar som to grytelokk i mot kvarande, og parfyma til dama den stinkar, det kan vere fordi den er blanda med parfyma til den andre dama som også stinkar.

Samstundes så klør genseren, den har eit ekkelt stoff som klistrar seg til kroppen din, men du klarte ikkje seie i frå i dag tidleg.

Du var trøtt, og det skjedde så mykje rundt meg, du klarte ikkje samle tankane, det var berre kaos.

Lukter,lys,menneske overalt!

Eit ansikt blir plutseleg hundre, 2 ansikt blir til endå meir og kvar skal ein posisjonere seg i rommet?

Romkjensla er borte, kvar var utgongen?

Det går rundt- eg finn ikkje fram!

I eit lite oversikteleg rom som alle andre finn fram i..

 

Tenk deg at du er saman med dei andre ute, men du finn ikkje din plass

Dei andre ler av noko, men du skjøner ikkje kva dei ler av?

Leikar avanserte leikar der det skal skje noko heile tida, og alle spring tulling rundt deg, og du klarar ikkje henge på.

Var det slik det skulle gjerast? Var det denne regelen som var rett?

Kvifor spring Per i den retninga når ballen vart sendt ein annan veg?

Nokon jublar, du held deg for øyrene!

Kva skjer??

Ein heilt vanleg uteleik skjer, men du maktar ikkje følje med dei..

 

Reglane blir brutt heile tida, noken seier ein ting andre seier noko anna.

Kva er riktig?

Skal ein ete mat klokka 11 eller er det 1105- det er nemleg ein vesentleg forskjell!

5 minutt! Heile 5 minutt?

Juksar Per når han et før tida, eller har han fått lov? 

Når regelen seier 11 og ikkje 1105?

Stresset aukar, alle desse som bryt lova heile tida!

Korleis skal du vete kva som er rett??

 

I di eiga verd er det tryggleik, der er oversikt og fred.

Der inne kan du vere degsjølv, leike dine ting, synke ein båt, vinne ein krig, teikne dei fantastiske teikningar.

Ingen masar- ingen stiller ublu krav.

Du kan ikkje får vere der inne for mykje, men avogtil er det viktig at også du får lov til å hente deg inn.

Lade krefter til å møte samfunnet, menneska i det og finne din plass.

 

Vi kan ikkje tenke oss til korleis du har det, fordi alle «tenk om» er sjølvsagte ting for oss utan autisme.

Ei menneskeklynge er 50 mennesker, ikkje ein liten flokk på 5, lydane du beskriv dei sila vi ut i systemet vårt lenge før dei når nervebanene, og barneleikane, «samtalen mellom linjene» kroppspråket og sosial kompetansen, den lærte vi ein eller annan gong utan at vi var klar over det.

Vi berre lærte.

Det gjere ikkje du.

Så, tenk om alle kunne tenkt seg litt om før dei dømte, det dei ikkje kan sjå, og prøve å sette seg inn i korleis det er å ha angst for små grupper, få nervebanene hoppa på av vanlege lydar, og skjøne at samtalane mellom linjene er umogelege å forstå, om ein ikkje får det forklart godt nok!

Tenk om den innsatsen som trengs kunne blitt gitt utan knyssel, at ein skjøna at rom ikkje vart bygd på ein dag, og at ressursar som treng , dei trengs lenge- ein riv grunnmur om ein tek vekk ressurs når det går bra!

Og tenk om vi ein dag kunne ha sett livet gjennom eit barn med autisme sine auge, for å lære og forstå..

Vi må starte med oss sjølve.

Vil vi forstå?

 

<3<3 Ragne Beate