Tenk om eg kunne funne puslespill brikka som mangla <3

2. april 2017

«Kjære gutane mine <3

Tenk om mamma kunne ha funne den brikka som mangla, den puslespillbrikka som kunne ha gjort ting bra, kunne ha fått ting til å funke, kunne gjort livet «heilt».

Livet som alle andre leve, livet som passar alle andre, bare ikkje oss.

Tenk om eg kunne berga dykk, funne oppskrifta, løsninga, ordna ut, tatt vekk angsten, tvangen, redselen..

Tatt vekk alt det skumle..

De  kunne vore med som alle andre, utan ein «hale», utan ei vaksen tett i hel for å passe på.

Det som alle andre tar for gitt.

Store gutar ja, men i små kroppar alikevel.

Eg kan ikkje det-uansett kor mykje eg vil- EG KAN IKKJE, EG KLARAR IKKJE- EG KJEM IKKJE I MÅL!

Det er vondt!

Eg trur kanskje det er mest vondt for meg..

For de to, de lev livet til det fulle!

De to lev livet ilag, i eiget tempo, den eine susar fram den andre sig etter.

Slik er autisme.

Ingen er lik- ikkje eingong einegga tvillingar.

Kjære gutane mine, eg har ikkje funne den brikka eg treng i pusslespillet, men ein ting kan eg love dykk, eg kjem aldri til å gje opp å leite!

Eg skal leite etter den brikka ved hjelp av kursing, litteratur, samtaler med andre, og i møte med dykk to.

Kvar ein krok eg  er i leitar eg etter lyset, etter det lisje håpet om at her er dei noko som kan bringe oss vidare, finne ein ny veg å gå,ei bru, eit vindu, eit håp.

Autismen gjere meg skuffa mange gonger, den spele meg eit puss, den tek dykk tilbake i utvikling, gir meg mareritt, følelse av utilstrekkelighet, som et null..

Har eg mista dykk?

Men plutseleg så tar de to trappetrinn på ein gong, eller kanskje berre ein av dykk, og ikkje den eg trudde, men den av dykk eg trudde eg hadde mista litt..

Det tok berre tid..

DU TRENGTE BERRE LITT MEIR TID!

Eg bere hjertet mitt utanpå når det gjeld dykk, eg tek alt innover meg, i ein storm av kjensler der eg både vil ha dykk fram og verne samtidig- av og til ein omtrent umogeleg oppgåve.

Det hende eg berre må innsjå at eg er med på turen, men ikkje i førarsetet.

Eg må og klare å gje slepp, skjøne at andre må gå inn i livet dykkar, vere støttespelarar, hjelpe meg til å gje dykk gode og lærerike erfaringar.

Gulla mine, det er ikkje enkelt!

Det er ikkje enkelt å klare å gje slepp.

Mine kjæraste.. mitt alt!

Men- det er ein del av puslespillet.

Det er ein del av å prøve å få det i hop.

Ein del av det å forsette å leite..

Livet- er eg må innsjå at eg sjølv er ein del av puslespillet- og at andre på sikt må legge brikkene.»

Det er det som skil meg frå mange andre, det er det som gjere mitt liv til eit puslespill, fordi, når andre kan la sine gå, ut i voksenlivet, må eg lære å stole på at andre kan legge brikkene rett for det kjæraste eg har.

2 april er verdens autismedag, hjelp oss å forstå, hjelp oss å legge brikkene rett <3

For ved å løfte blikket, sjå livet frå eit anna synspunkt, og oppleve alt det eit menneske med autisme kan gje..

Så kan vi ilag få puslespillet til å passe <3

 

Gratulerer med dagen <3

 

<3<3 Ragne Beate