Utviklingshemming- kampen for å komme gjennom nålauget

5. april 2017

«Alle menneske kjempar for å komme igjennom eit nålauge, nokre vil bli legar og kjempar innbitt for best mogeleg karakterar for å komme inn på den skulen dei ynskjer, andre kjempar i mot mange andre om ei stilling som gir meir pengar og status.

Nokre vil inn på det lokale fotball laget, og dermed legg all vekta si der, mens andre vil bli best på piano.

Det er mål som blir satt, mål som blir oppnådd, og også i stor grad mål som endrar seg på vegen.

Fotball spelaren som plusteleg innsåg at å bli like god som Beckham ikkje funkar, men kanskje fele heller er tingen.

Poenget mitt er at mennesker utan utviklingshemming endrar retning som dei ynskjer sjølv, dei kjem seg igjennom sine eigne nålauger ved hjelp av enring av kurs.

Menneska tek avgjersler og vel ut i frå sine eigne preferansar.

Den menneskeretten har ikkje mennesker med utviklingshemming på same måte.

Dei er avhengige av andre.

For å komme igjennom eit nålauge vert ein vurdert.

Ein blir vurdert fyrst over korleis foreldra dine klarar å handtere situasjonen, for ressus sterke foreldre gir deg eit forsprang.

Det skal vurderast kor slitne dine foreldre er, så det vert gitt «nok» avlastning.

«Treng ein BPA- vil det funke?» Søknad og anke

«Støttekontakt- verkeleg?» Sønkad og anke

«Omsorgslønn-ja du kan no bare søke» Orkar man sende søknad?

 Det skal vurderast kor vanskeleg eller ikkje vanskeleg du er for å vurdere om kor mykje ressurs du treng i skulen av pedagogiske tiltak og assistent ressurs.

«Kor kan ein spare- treng han verkeleg så mykje?»

Er nokon klar over kor dritlei ein blir av å bli vurdert???

Treng utviklingshemmede ferie?

Man treng vel for svarten ikkje vere rakett forskar for å skjøne at sjølvsagt treng mennesker med utviklingshemming ferie dei som alle andre.

Men det er vel kanskje ikkje verdt å vurdere?

Mennesker med utviklingshemming må igjennom så mange vurderingar før ein kjem igjennom det nålauget som dei ikkje klarar å skape på eigenhand, nemleg nålauget «verdig liv» , at det er regelrett ei skam!

Ja, det er det, ei skam!

Kva seier det dykk om menneskeverdet, om menneske synet vårt?

Hjelpe- ja vi skal hjelpe, men kva skjer når hjelpa blir ein byrde?

2 april var verdens autisme dag, april er verdens autisme mnd.

Autisme derimot er 24/ 7 –året rundt.

Same er vurderinga.

Derfor er det så viktig at ein forsette å lese, forsette å prøve å skjøne, forsette å jobbe for at desse som fell utanfor, fordi dei når ikkje igjennom nålauget sitt åleine!

Mennesker med utviklingshemming treng di stemme, din forståelse, din kunnskap på sin veg.

Det same trenge familien som står rundt.

Nokre ressussterke, andre med meir bør i bagasjen.

Og, å bli sett og hørt betyr ikkje å få alt ein ynskjer igjennom, det betyr ikkje å alltid få eit ja.

Men, det er stor forskjell på å kjempe kampar som er meiningslause og totalt unødvendige, fordi det er blitt gjort vanskelige, enn å få eit nei med eit velbegrunna svar.

Uansett- vi må aldri glømme mennesket.

Mennesket som kom til verda like naken og uskuldig som alle andre, men som det skulle vise seg trengte ei hjelpande hand.

Utviklingshemmming- kampen for å nå igjennom nålauget.

Kva kan du gjere for å lette den reisa?»

 

<3<3 Ragne Beate