«Ymsebutikken»- butikken med ein eineståande butikksjef

7. april 2017

Om Gunn Sande på Stadlandet eigentleg tenkte å starte ei «Asperger bedrift» då ho starta opp butikken sin «Ymse og litt av kvart»- som no har fått namnet «Ymsebutikken», det er eg ikkje sikker på, men ein ting er sikkert, ho ønska at sonen på snart 21 med nettopp Asperger syndrom(frå no av kalla AS) skulle ha noko å gjere forutan om å sitte forran ein skjerm.

Ved eigenproduserte rosemalingsprodukt, geiteskinn frå eigen gard, nokre alvorlig kule silkemala skjerf, og mykje ymse og litt av kvart anna, har ho klart å skape ein butikk for dei fleste behov på Stadt, og butikken er også no som nettbutikk.

Du finn den her 🙂

http://www.ymsebutikken.no/

Det er ei kjennsgjerning at det er vanskeleg for mennesker med AS å komme seg ut i arbeidslivet.

Mange treng mykje tilrettelegging og trygging for å klare seg, nokre klarar bare ein eller to dagar i veka, mens andre dett mellom to stolar.

Det finnast ymse Aspergerbedrifter rundt omkring i Noreg, men dei fleste av desse er til for dei med AS som er kjempegode teknisk på data, og som har klart å få ein høgare utdannelse.

Noko som ikkje alle med Asperger syndrom maktar.

Dessverre er det ein mange med AS som ende opp som uføre, og utan noko å gå til.

Men, om ein har fått ein ufør så betyr ikkje det at ein ikkje kan gjere noko!

Det betyr derimot at ein på grunn av si utfordring har fått ei sikker inntekt, men alikevel har mogeleghet til å prøve seg ute i arbeidslivet.

Det er her Gunn Sande har gjort det geniale!

Ho tok skeia i eiga hand og laga ein arbeidsplass til sonen sin.

På denne arbeidsplassen er han butikksjef, ikkje på leik, men på ordentleg.

Det er han som står bak kassa 3 dagar på vinterstid, og 6 dagar om sommaren, og saman med mor drifte nettbutikken, der han har ansvar frå bestilling til postutsending.

Guten har fått eit ansvar, men ansvar under rettleiing.

Videre tenkast det at andre hjelparar kan ta over den jobben mamma no gjere, men som Gunn sjølv seier: «veien blir til mens man går..»

Eg syns det er så fantastisk bra!

Mats Ole er heldig som har ei mamma som er så kreativ og har overskotet til å starte opp ei bedrift som ho har gjort, ikkje alle har kapasitet til det, men kanskje ein eller annan som les det her, kunne tenke seg å opne bedrifta si for eit menneske med autisme.

La dei få sjangsen til å prøve, og til å vise seg litt fram.

Det kan nemleg godt hende du vert overraska!

Eg ønske Gunn og Mats Ole lukke til vidare, og sjekk ut nettsida!

Det er godt mogeleg du finne deg eit kvart!

PS: Ymsebutikken er å møte på kje o geit festival i mathallen i Oslo 4-7 mai 🙂

 

<3<3 Ragne Beate