«Titanic»- skipet som vart så mykje meir enn berre eit skip

14. april 2017

 

Eg har hatt meg ei skrivepause denne påska, eg har rett og slett ikkje prioritert datamaskin, men heller prioritert familie, det har vore godt.

Den 14 april 1912 sank det som skulle bli eit av verdas mest berømte skip, og som for meg skulle bli ei haudepine av ei anna verd.

Ei særinteresse av ei anna verd, som skulle innebere eit enormt behov for å synke ting, både av større og mindre verdi, og i alle settingar.

Celine Dion har i periodar vore like plagsom som kattejammer på nattestid, eller reklamepause midt i ein fantastisk god film.

Men like fullt som at reklama kjem i filmen, eller at sola står opp om morgonen, så er skipet det, båten som ikkje kunne synke, men som alikevel sank.

Eg av ein eller annan merkeleg grunn har begynt å bli glad i dette skipet, for med sin tilstedeverelse i heimen over så mange år, så er båten også blitt eit bilete på framgong.

Ein framgong som betyr mange skritt tilbake for å få eit skritt fram, men det viktige her er at det faktisk gikk framover!

Eg veit at når «Titanic» igjen tek over heimen så er det noko i gjære, og at eg må passe betre på.

Og, eg veit og at det er no eg ikkje skal legge meg ned og grine over ferdigheter som vert dårligare eller fokuset som det  vekk.

Fordi, eg har skjøna at «Titanic» er ein pitstopp før eit hopp.

Eit hopp opp på ferdighetsskalaen- et hopp mot framgong.

Fordi mine born utvikle seg sånn, dei hoppar i eige tempo.

«Titanic» kan og vere eit teikn på at stressnivået har vore for høgt, eller at søvnen kanskje har vore dårleg, eller at det som no er påskeferie.

«Titanic» er altså blitt ein indikator i mitt autismekart, som eg går meg vill med dagleg, men som alkevel er eit måleinstrument for kor vi er.

Kor mykje 14 april, 1912  som finnast der inne akkurat no, og vurdere korleis ein finn vegen tilbake til 2017.

Båten viser også ein annan framgong, ein synleg og visuell ein.

Teikningane er blitt betre, fantasien har ingen ende når det kjem til å klare å lage «Titanic», og setningane som omhandlar båten er blitt betre oppbygd.

Kunnskapen kjem fram-potensialet som vi skal forsette å jobbe utrettelig for- er der.

Inne der ein eller annan plass er det eit potensiale! Det skal vi ha fram!

I mitt liv som mamma har «Titanic» sunke mange gonger, brekt i to av sorg, følt følelse av frykt, og av avmakt.

Men alikevel har vi alltid berga oss, vi var dei heldige som kom oss i ein livbåt.

Ein livbåt av tidleg intervensjon, full pott på EIBI, og fantastiske mennesker i team rundt våre.

Vi fekk og etter mykje jobb heime gode årer til å ro oss vekk frå det verste forliset, kunnskap til korleis vi skulle ri av stormen, og ei enorm glede, takknemlighet og kjærlighet over at vi er komen så langt som vi har.

Her heime med oss kjem nok dorullar, klokker, minnepennar, glas, sko, og helst IKKJE mamma sin mobil ,til å synke i mange år endå, men det er heilt greitt.

For eg ser at teikningane blir betre, hoppa vert lengre, og Celine Dion sitt hjarte goes on and ooooooooonnnnnn!

 

14 april,1912 sank «MS Titanic» på sin jomfrutur mellom Southampton i England og New York, eller å ha kræsja med eit isfjell.

Litt over 3 timer skulle skipet ,som vart sett på som båten som ikkje kunne synke, på å forlise.

Det tragiske forliset gikk inn i historiebøkene som eit av verdas verste..

For meg vart «MS Titanic» noko heilt anna.

Det vart båten som ikkje berre er ein båt, men eit kompass i ei verd eg sjølv ikkje skjøner, men som eg manøvrere meg i så godt eg kan <3

 

<3<3 Ragne Beate