Kan utfordrande adferd regulerast med forklaring?

19. april 2017

Adferd er noko som blir snakka nord og ned om, ikkje rart, for adferd er krevjande.

Born som fell utan for normaliteten og som har adferd som ikkje er slik som det er forventa, havnar ofte i ein ond sirkel der dei slit med å kome seg ut av den.

Dei vaksne kan syntes bornet er krevjande, og lite ok å være med, noko som i det heile er heilt horreisande, og andre born kan trekkje seg vekk fordi dei ikkje skjønar kvifor bornet som er annerleis, reagerar som det gjere.

Borna skjønar altså ikkje handlingsmønsteret til bornet med utfordring, for eksempel i leiken, eller i andre situasjonar der det går skjeis.

Men spør vi oss da nok om kvifor det skjer?

Eg har grunna mykje på dette siste tida.

Vi har lite adferd, men vi har mange diskusjonar.

Og, sjølv om forståinga av det sosiale er krevjande, så er ikkje argumentasjonen dårleg, for å seie det sånn.

Det er heilt utruleg kva mine born med autisme kan argumentere med for å få rett, og dei trekk linjer frå forskjellige ting dei har lest, og brukar det i diskusjonen for å vinne.

Difor går eg ikkje inn i ein diskusjon utan at eg veit eg kan vinne.

Eg avfeier, eller nei, eg forklarar.

Mi oppleving , etter mange år med prøving og feiling, er at gode forklaringar er dempande signal  som hjelp å senke frustrasjonen.

Skal ei av gutane ha feil, så må ein i alle fall få vite kvifor det er feil, og ikkje få svaret:

«Slik er det berre»

«Innrett deg»

«Alle andre gjere det slik så då gjere vi det»

«Eg er vaksne- du er born- klapp att»

At det er fristande å gjere det slik? Sjølvsagt er det det, har eg gjort det? SELVFØLGELIG! Eg er berre eit menneske!

Men- det vert sjeldnare og sjeldnare- fordi eg veit at det som funkar er å forklare- på ein måte som bornet forstår.

Det er mange måtar å gjere det på, vi bruker mykje teikning og illustrasjonar, og tek særinteresser i bruk for å få fram poenga våre.

Det handlar om å kjenne borna, og det handlar om å være interessert.

Eg er muligens litt inhabil, men det undrar meg kor lite interesse og forundring det er i samfunnet rundt både autisme og adhd.

Og, eg har mange gonger tenkt på kor mykje samfunnet går glipp av, når dei ikkje opnar opp og lyttar til desse utrulig intelligente menneska, som kan så sjukt mykje, om så mykje rart!

Fordi eg er overbevist om at visst ein legg ned litt interesse og lære bornet å kjenne, så vil ein finne nøklar til å handtere adferd- via dialog.

I tillegg vil ein oppleve at ein rimelig fort lære å vere i forkant, slik at adferd ikkje får eskalere, dialogen blir meir positivt retta, og ein får samspel som funkar.

At dette krevs det veit eg.

Eg har jobba med det her i mange mange år.

Men- eg kan med handa på hjertet seie at eg er glad eg har lagt ned innsatsen.

Autisme er så mykje,men mest av alt så er det akkurat dette at dei ser verda frå eit anna perspektiv, og det er difor dei vert så overstimulert i samspel med oss andre nevrotypiske.

Og når vi veit dette-så  spør eg:

Er det for mykje forlangt at desse borna skal få sin plass i samfunnet?

At vi tek oss tid til å lære dei å kjenne, finne deira styrke og svakhet og forklare dei livet vårt?

Og som bonus, kanskje får du eit innblikk i ei fantastisk facinerande verd, som eg står på utsida og får eit glimt innforbi kvar einaste dag.

Hadde eg kunne kurert autisme så hadde eg gjort det, en sidan eg ikkje kan, så vel eg å forklare, vere nyskjerrig, bli facinert, tidvis fortvila, og endå litt i sorg.

Fordi liva deira er verdt det!

Eg er overbevist om at adferd kan regularast med god forklaring, med kjennskap og med engasjement.

Så, tek du utfordringa, du som på ein eller annan måte jobbar med eit born med utfordring?

Vil du ta deg tid til å lære å kjenne? Tid til å forklare? Tid til å finne rett veg?

Eg kan love deg tonnevis med utfordring!

Men premien er meir verdt enn gull:

Meitring, forståing, regulering av adferd, og du kan sjølv vere ei brikke i eit stort puslespill mot eit verdig liv.

 

Er du med?

 

<3<3 Ragne Beate