Figet spinner- dingsen som hjelpe på konsentrasjonen

24. april 2017

Eg skal no innrømme at eg trudde no ikkje på det i det heile tatt då sonen min kom og lurte på om eg kunne bestille ein slik der spinner til han, som skulle hjelpe med konsentrasjonen, men der tok eg jaggu feil!

Av ein eller annen merkeleg grunn så virkar denne roterande plastdingsen beroligande, og hjelp på fokuset.

Jakob fortel at når han held på med denne figet spinneren så fikle han mindre med andre ting, og at det difor er lettare å følje med på skulen.

Eg skjønar ikkje det her, det skal eg ærleg innrømme, men søren heller, viss det er noko så enkelt som ein plast dings som skal til for at konsentrasjon og motivasjon skal gå opp, så er eg med eg altså!

Det einaste eg kan seie som er negativt er at eg kan bli litt over middels lei av den svisje lyden som kjem når spinneren er i bruk, så gleda var stor då vi fekk ein ny i posten som ikkje laga lyd:)

YES! (frå mamma)

Mange av desse originale spinnerane er kjempedyre, men dei vi  har kjøpt på nett er billige kopiar som verkeleg gjere nytta si.

 

Vi fant våre her:

 

https://www.wish.com/search/figet%20spinner

 

Kanskje verdt eit forsøk til eit fiklete born, eller eit med autisme som likar ting som går rundt?:)

<3<3 Ragne Beate