«Eg elskar det uperfekte»

1. mai 2017

« I eit samfunn der vi alle skal vere perfekte, lukkelige, suksessrike og kunne hevde oss, så har eg funne ut at eg havnar i ein heilt annan kategori.

Eg elskar nemleg det uperfekte!

Livet utan for boksen er meir eller mindre uperfekt på så mange måtar, men det betyr ikkje at ein ikkje kan vere lukkeleg der, for lukke, det finn man der man minst ventar.

Livet som elskar av det uperfekte gjere at eg får oppleve så mykje spanande og artig, eg får lov til å vere med borna mine på ei reise som eg ikkje ville vore forutan for alt i verda.

Sjølv om samfunnet rundt, etter at merkelappen «autisme» vart satt, ser på dei som rare, merkelege, og kanskje noko som er litt skummelt.

I mitt liv som elskar det uperfekte, får man ei ganske greitt syn inn på det som er «perfekt», fordi man ikkej sjølv har anledning til å delta i det.

Ein ser på streben etter noko der framme, fasadar som så vidt held i hop, og haldningar som kan få ein til å steile.

Ikkje minst i media og kronikkar.

Eg undrar meg over dette, og ikkje minst så undrar eg meg over denne redselen for det uperfekte som så mange har.

Redselen for mennesker utanfor boksen som ein kanskje ikkje skjønar seg heilt på, og man i staden for å vise interesse, snur ryggen til og tenkjer:

«Dette treng eg ikkje å forhalde meg til»

Tenk kva de går glipp av!

Tenk kva fantastiske møter de kunne ha fått, om de tredde inn i min arena for ein dag.

Arenaen midt i det uperfekte, som er så steikjande perfekt alikevell!

Tenk om arbeidsgivarar rundt omkring i landet hadde turt å satse på ein som kom med litt bagasje.

Satse på ein som det kanskje er litt skakt her, skjeivt der, eller med behov som treng tilrettelegging på ein arena, for å oppnå noko anna- oppnå noko magisk!

Hadde ikkje det perfekte og det uperfekte kunne foreinast då? På ein samfunnsnyttig måte!

For ein ting skal eg berre fortelje dykk, at «perfekt» har vi menneske skapt sjølve!

Det er vi som har satt haldningane om kva som er bra og ikkje , kva som er godkjent og ikkje, kva som er normalt og ikkje, og det er kun vi med våre haldningar som kan forandre det!

Ofte trengs det eigen erfaring for å sjå ut av det «perfekte»

 

.

Eg trengte å møte Georg og Laurits, oppleve bunnlaus sorg, raseri og sinne, for så å finne ut at det upefekte er heilt steikje opp til meg sjølv korleis eg vil ha.

Om eg vil leve godt med det livet vi fekk, eller om eg ikkje ynskjer det.

Eg valgte å elske det uperfekte, tidvis så høgt at det kan gjere vondt!

Eg har valgt å lære av det uperfekte, glede meg over framsteg, juble over prestasjonar, la meg forbløffe over evner som 9 år gamle gutar overhode ikkje skulle kunne ha.

Og eg takkar høgare makter for at eg fekk to.

Tvillingbandet som bind dei saman, flettar dei saman, to i saman- aldri åleine!

Og eg ropar så høgt som eg berre kan:

EG ELSKAR DET UPERFEKTE!!

For ingen har lært meg meir om livets verdi- enn møtet med det uperfekte.

Det har forandra meg som menneske, forandra synet mitt på menneske, og gjort meg til eit menneske eg sjølv kan være stolt av!

FOR ALLTID!

 

<3<3 Ragne Beate