Tidleg intervensjon startar i barnehagen, men den skal ikkje slutte der!

3. mai 2017

«Det er ein måte å gjere autisme betre på, og det er å trene.

Verken meir eller mindre.

Nokre, som mine gutar, profiterar kjempegodt på tidleg intervensjonsprogram som EIBI som dei trena, mens andre profiterar dårlegare på det.

Men desse trenar og, dei trenar berre på andre ting, og med andre løysningar.

Ein snakkar altså om at ein må individuelt tilpasse opplegget til kvart enkelt born.

Eg gjentar meg sjølv til det kjedsommelege:

«Har du møtt eit born med autisme, så har du møtt eit born med autisme».

Opplegget til mine to einegga tvillingar er ikkje likt, sjølv om dei går i same klasse på barneskulen.

Å gjere noko sånt ville vere eit hån mot han som er fagleg sterk, og eit svik mot han som ikkje er like flink.

Det betyr ikkje at den eine er meir verdt enn den andre- det betyr at både vi foreldre og dei rundt oss ser BORNA- ikkje diagnosa.

Men- tidleg intervensjon sluttar ikkje i barnehagen.

Den sluttar ei heller på barneskulen.

Ikkje ein gong på ungdomskulen sluttar tidleg intervensjon.

Ein kan nemleg aldri slutte å trene!

Ikkje nødvendigvis trene EIBI- men trene og videreutvikle det ein har lært.

Det kan misforståast når ein brukar ordet «tidleg»- fordi det høyrast ut som noko ein set i gong, og som ein berre kan avslutte litt lenger fram i løypa.

Som eit av dataspela som gutane mine spelar, og som ein «rundar» og ergo ikkjer er noko meir verdt, fordi ein har kome igjennom opplegget.

Hadde det vore so vel, så hadde ein jo eigentleg funne ein kur for autisme då- om ein gjekk igjennom opplegget, og fikk eit fungerande individ ut på andre sida.

TENK OMDET HADDE VORE SO ENKELT!

Beklager- det er det ikkje!

Eit opplegg som EIBI eller TIOBA- det kan lese meir om det her:

http://www.glennesenter.no/tioba/

startar i barnehagen- det legg eit grunnlag.

Men, skal dette grunnlaget vedvare så må ein forsette å øve, trene, forklare, forsterke, skjerme og skjøne!

Og alt dette gjere ein ofte utan at det blotte auge ser det.

Det finnast mang ein assistent og pedagog som gjere ein formidabel innsats på grupperom, i sosiale settingar saman med eit autistisk born, eller i planleggingsfasa av korleis ein skal oppnå nye mål, utan at kollegaane ein gong er klar over kva dei gjere.

Difor er det også vanskeleg å få forståelse for at ein treng ressursane langt utover barnehagen.

Fordi behovet bornet har kan vere like usynlege som diagnosa i seg sjølv!

Born med autisme generaliserar dårleg, mange generaliserar ikkje i det heile, og må ha innøving av ferdigheiter på kvar arena dei er.

Ja, det høyres heilt utruleg ut, men det er akkurat slik det er!

På same måte som at ei kvar endring kan være ei utfordring, og trengs trygging.

Dei sårbare ungdomsåra er sårbare for alle ungdommar, men for ungdommar med autisme er dei ekstra vanskelege.

Også fordi det ofte er i desse åra dei mister ressursar, fordi det er jo satt inn så mykje over så mange år- no må det vel snart begynne å betre seg ikkje sant?

Det gjere dessverre ikkje det- behovet for tilrettelegginga vil vere tilstades alltid, men spele ein korta sine rett, og har forståinga for at det er NO vi kan få mirakela til å skje, så kan det bli billigare i andre enden, om det enn betyr å ofre 20 år- ein kan høste avkastning i for av sjølstendighet, mindre psykiatri, trivsel, glede og menneskeverd i 60 år etterpå.

Er det ikkje verdt det?

Vi må skjøne viktigheta av at den jobbinga ein set inn må vedvare, så lenge bornet treng det, ikkje kva som er satt av i eit kommunalt budsjett.

Og ein må og annerkjenne den enorme jobben dei rundt born med autisme gjere, sjølv om det ikkje kan skrivast rapport på, takast bilete av eller sjåast med det blotte auge.

Politikarar, kommuner, fylker og storting- vil de sjå? Vil de skjøne? «

 

«Different, not less!!!»

 

<3<3 Ragne Beate