Unike møter med dyr

13. mai 2017

Vestlandet vise seg frå si beste side, gradestokken har krype oppimot 20 grader, og vi har vore fleire timar i fjæra i dag, hoppa frå stein til stein og leika.

God motorisk trening ,tenkjer mor.

Gutane var mest opptatt av å leike 🙂

Men no var det ikkje fjæra dette innlegget skulle handle om, men heller unike møter med dyr.

Eg blir meir og meir facinert over kjemien som mine gutar har med dyr, om det er høner, kattar eller ender.

Og ikkje minst kor dei blomstre og tar store steg i rett retning i samspel med dyra.

Berre dette med å klare å finne roa.

Det er ikkje sjølvsagt, og mi oppleving er at borna ofte stressar også når dei kan ta det roleg, fordi tankane nok spinn i hovudet og forplantar seg vidare til uro i kroppen.

Bere sjå på dette biletet:

 

Du snakkar om at eit bilete kan seie meir enn 1000 ord.

Dette er min gut, liggande på tunet, ilag med katten til naboen.

Ein kan nesten kjenne på roa via biletet.

Dei låg slik nesten ein halv time, eg sat eit stykke ifrå og passa på, men blanda meg ikkje.

Guten hadde ein lang samtale med katten, eg veit ikkje kva dei «snakka» om, men eg såg kor godt guten hadde av vere der, snakke, fortelje, nyte å vere nær denne katten.

Eg kjente eg vart varm i heile meg og rørt.

Tenk, min gut kan slappe av <3

Utan nettbrett, datamaskin eller ein vaksen som korrigerar.

Han klarar det heilt sjølv, det trengte berre å kome ein katt liksom<3

Og eg som ikkje likar kattar eingong!

Også i møtet med kyllingar opplev eg meistring, og framsteg.

Laurits snakkar blant anna betre til kyllingar enn til mennesker., og han brukar fleire ord.

Han kan sitte lenge forran buret, halde ein i handa, kose og snakke.

Unikt!

Møter med dyr er unike!

 

I skrivande stund ligg det to andeegg i rugemaskina mi og klekker, berre nokre centimeter frå datamaskina.

Eg skriv, ser, føljer med, og skriv litt til.

Og kjenne at eg er lukkeleg <3

 

Kanskje møte med dyra virkar inn på ei småkynisk autismemamma og?

 

God helg mine vener!

 

Og har de ikkje sett den lettfattelege filmen om autisme endå, så finn de den her:

http://amazingthingshappen.tv/projects/utrolige-ting-kan-skje/

 

<3<3 Ragne Beate