17 mai, på godt og vondt

16. mai 2017

I morgen dukker atter ein gong 17 mai opp.

Dagen for is, hupp hurra og ei umenneskleg mengde med lyd.

Dagen som mange gler seg til, og som andre synest er heilt pyton.

Og ikkje minst, dagen der søsken har ei utfordring.

For, kva gjere ein når søsken er spenn klar, mens bornet med autisme rullar ned rullegardina og melder seg ut?

Eg har ikkje noko klart svar på det, for vi vel i år som i fjor å feire 17 mai heime, eg trur planen i år er å gå i tog med endene.

Akkurat den planen gler eg meg til!

Eldstemann på snart 12 kjøyre vi inn på leikar seinare om han ynskjer det, så han får henge litt med kompisar.

Då er ikkje eg med.

Årets verste mor?

Godt mogeleg, men eg vil heller seie ei mamma som har funne ut kva prioriteringar som er rette.

Vi vel å gjere det på denne måten fordi vi då møter alle behov på ein god måte.

Om vi er annerleis?

Ja, klart vi er det!

Sikker på at det er ein eller anna som i tillegg syns vi er både grisesære og rare.

Men det er heilt greitt!

Vi er annerleis, og er eg ikkje skjemde av å seie det heller.

Vi er akkkurat like annerleis som resten av året vi, for autismen stikk ikkje av på 17 mai nemleg.

Men, vi det betyr ikkje at vi ikkje kan feire 17 mai på ein måte som gjere at gutane får eit godt utbyte av det, og at storebror på snart 12 ikkje får feire grunnlovsdagen slik han ynskjer det.

Men vi må prioritere, på same måte som vi må velje resten våre kampar resten av året.

Det kan vere vanskeleg å legge vekk sine eigne behov på dagar som 17 mai, og det er vondt for mange at dagar som dette vert øydelagt av overstimulering, raseri og kanskje til og med utagering.

Eg har og kjent på desse kjenslene, og dei er ikkje gode, eg hugsar det året eg kom meg med tvillingvogna til begynnelsen av innkjørsla på skulen der arrangementet skulle være, og måtte snu.

Klump i magen, tårer i augene, og kjensla av å vere udugeleg!

Aldri har eg følt meg meir annerleis enn då.

Kanskje er det den kjensla mange med autisme har til dagleg når dei ikkje skjønar vår verd?

Uansett:

Vi skal få feira grunnlovsdagen i morgon- slik at alle blir fornøgde:)

Det skal flaggast, blåsast i 17 mai pip og gåast i tog, og vi skal og ha eggeløp på marka.

VI har i alle fall nok egg å ta av og leiken blir populær!

Eg håpe de finn løysingar som passar dykk, eg håpe de ber om hjelp om de har nokon å spørje, om ein må gjere tilpassingar slik at søsken og får ein god dag.

Og, kanskje er det nokon du kan hjelpe for å få gjennomført 17 mai?

Klare ein å gå i tog , så kjør på! Men går det ikkje, så er det heilt greit det og!

Eg skjønar deg godt, og eg veit eg har mange med meg <3

Og når dagen er over, unn de noko godt og ha litt voksentid, og vere stolt!

17 mai er nemleg ikkje for pyser!

 

Ha ein fin feiring!

 

 

<3<3 Ragne Beate