«…samanlikna med born på same alder»

23. mai 2017

«Samanlikna med born på same alder»- setninga vi foreldre møte i så mange settingar oppimot det offentlege.

Det kan vere i søknadar om avlastning, oppimot NAV , eller når det skal tildelast ressursar på skulen.

Heile vegen så vert våre born målt oppimot kva som er normalt for eit vanleg born og «avviket» mellom «det normale bornet» og «diagnose bornet» skal altså gje ein peikepinn på kva utfordringar, behov og mogelegheter bornet som er annerleis har, og kva hjelp som mulig kan settast inn for å få peika pila mot «normal».

På den andre sida står orda «individuell tilpassing» «likeverd» og «brukermedvirkning» i skarp kontrast til «samanlikna med born på same alder».

For eg kan verkeleg ikkje skjøne korleis ein kan gjere ei «individuell tilpassing» og ha god «brukermedvirkning» når ein heile vegen skal bestrebe å nå målet om «born på same alder».

Ja, eg sett ting litt på spissen her, eg er fullstendig klar over det, men det er ei stor utfordring for mange foreldre at borna blir  samanlikna med born som dei aldri når opp til same nivå som, og at ein også vert samanlikna med andre born med same diagnose- som også er på eit heilt anna nivå.

Det vert ein dobbel vondt vondt!

Lat med bruke Asperger syndrom som eit eksempel.

Asperger Syndrom ( som vel snart er borte frå diagnosemanualen) er ei diagnose på autismespekteret på lik linje med barneautisme og atypisk autisme.

Variasjonane er himmelvide!

Eit born med Asperger Syndrom kan fungere godt, kome seg igjennom samfunnet med meir eller mindre hjelp, og vil kanskje bli sett på som litt «sær»- men ikkje meir enn det.

Eit anna born med AKKURAT same diagnose kan trenge ein til ein oppfyljing i skulesystemet.

Foreldra kan trenge mykje og ikkje minst RETT avlastning for å kome igjennom kvardagen, og ikkje minst er avviket til «born på same alder» enormt.

Altså, forskjellane er kjempestore.

Mykje større enn hos andre born (på same alder).

Men eg undre meg no  litt på kva «born på same alder» eigentleg er og eg.

Har du nokon gong sitte og sett på skulestart på ungdomskulen?

Altå, sett på ungdommanse som skal starte sin fyrste skuledag på ungdomskulen, og som velte ut av bussen og går mot skulen?

Det vil du sjå eit hav av variasjonar av arten « ungdom 13 år».

Nokre er pittesmå!

Det er no eg tek med sjølv i å tenke « så liten var i alle fall ikkje eg når eg starta på ungdomskulen- trur eg».

Andre er høge som  hus og ser ut som dei i alle fall er klar for vidaregåande.

Nokre av jentene er sminka så kraftig at dei sikkert hadde satt avtrykk på ein vegg om dei hadde stanga i den, mens andre ikkje ein gong har tenkt på å begynne å bruke sminke, fordi dei framleis er mest opptatt av å vere ute å leike med  venene sine.

Mange går i flokk, andre hoppar ved sidan av, dessverre er det og mange som går åleine.

Nokre sjenerte, andre frampå, nokre grisegode i matte, mens andre lure på korleis i allverda dei skal kome seg igjennom.

Og felles for dei alle er at desse er «born på same alder»- og desse skal mine born samanliknast med.

Eller nei- desse skal vere malen for å finne avviket.

Og uansett kor mykje eg skjønar at ein må ha noko å samanligne med for å finne ein «bortimot normal» så skjønar eg ikkje kvifor det skal vere så vanskeleg å lytte til foreldra når det kjem til behov, og skjøne at nøkkelen til suksess er å finne den individuelle tilpassinga som passar eleven, bornet, mennesket.

Mennesket som treng vår hjelp til å klare å gå same vegen som resten av flokken, som treng støtte og guiding for å kunne klare å vere med.

Dei annerleis borna har og sine styrker, dei dukkar opp i dei merkeligaste settingar, og dei kan blåse deg av føtene.

Men her er det ingen som ynskjer å samanligne med «born på same alder», for den styrka dei viser er så uvanleg bra, at normalbornet kjem til kort.

Eg lure meg på kva som hadde skjedd om 9 åringar vart satt saman med Laurits 9 år for å teikne båtar, og der Laurits var «born på same alder»- og resten skulle strekke seg etter det.

Eller kanskje litt frihandsmaling med akryl maling kunne friste?

Lukke til seier eg berre!

 

Kanskje individuell tilpassing er best uansett?

 

<3<3 Ragne Beate