Å ta eit steg ut av komfortsonen

27. mai 2017

Då eg  var lita  så vart eg kalla Ludvig- etter Ludvig i Flåklypa.

Det aller meste var farleg, eg hadde tøfflane så langt oppetter beina at dei mykje heller skulle vore kalla «vadera» slik laksefiskarane har på seg ute i elva, og eg pingla stort sett ut på det meste.

Eg var i det heile tatt ikkje særlig tøff som unge!

For å seie det sånn, ironien er jo stor, sida då eg sjølv vart vaksen , og fekk livsoppgåver ingen hadde preppa meg for eller informert meg om at eg hadde fått den ære, så måtte eg plutseleg lære meg å bli tøff!

Å ta eit steg ut av komfortsona er vanskeleg, og det er det endå for meg den dag i dag.

Eg er tøff på mange områder, men eg er framleis Ludvig på andre, og eg treng avogotil eit spark i rævinje for å seie det rett ut, for å utfordre megsjølv.

Det gjorde eg i dag.

På ADHD treff med ADHD Sogn og Fjordane og ADHD foreldregruppa frå Vågsøy ( der eg altså då er leder).

På besøk i Mestringsgården klatrepark, eit stykke ut forbi Svelgen i Bremanger kommune.

Legg ved ein youtube video frå parken, så de kan sjå kor vi var 🙂

https://www.youtube.com/watch?v=x3fKb4laM28

Ragne Beate i ein klatrepark! Tenk på det du!

Hadde ikkje skjedd for nokon år sida, det kan eg berre love dykk!

Mestringsgården er ikkje den største, men til det behovet som vi hadde så var den kanon, og for nokre mennesker som jobbar der!

All ære! Og tusen takk for ein fantastisk opplevelse <3

Imponert vart eg og over dei store vi hadde med oss, som fant alternative måtar for å gjere dagen spanande.

Dei gikk klatreparken i blinde, dei klatra i blinde baklengs, eg trur det einaste dei ikkje prøvde var å klatre opp ned!

Det var mange som fekk utfordra seg i dag, og det var heilt unikt å  sjå born som så til de grader viste motvilje, men som ved hjelp av oppbakking og utrulig flinke mennesker som jobba i klatreparken, plutseleg fekk det til og meistra!

Det er ingenting som er vakrare enn eit born som har streva og som plutseleg får det til!

FANTASTISK!

Men eg var og storvegs imponert over fleire foreldre og, som heiv seg i det, som trossa både høgdeskrekk og angst, og kom seg igjennom.

Tøft seier berre eg!

Å møte på eit slikt arrangement som ADHD Vågsøy/ADHD Sogn og Fjordane arrangerte kan virke skremmande.

«Kva om vi ikkje får det til?»

«Kva om borna slår seg vrang?»

«Kva om vi berre må snu?»

Mange reiser ikkje fordi dei ikkje orkar, fordi det kan bli endå eit nederlag.

Eg veit det, fordi eg var slik sjølv.

Orka ikkje reise, fordi eg var redd for nederlaget.

Men, det som er så rart med å reise på eit slikt arrangement som det vi var på i dag, er at det er ikkje nokon som ser rart på deg om noko går gale.

Det er ingen som ler, eller om dei ler, så ler dei i alle fall med deg og ikkje av deg, og ler vel aller mest fordi at «DER HAR VI VORE NOKRE GONGER SJØLV!»

Du kan og plutseleg få oppleve at andre deler di glede om de får det til- dette sjølvsagte som alle andre tek for gitt, men som du og dine kanskje har kjempa for i årevis!

Som plutseleg fell på plass: MEISTRING!

Og andre ser det til og med!

Fantastisk følelse <3

 

For å kunne hoppe frå ti meteren så må man kjenne seg klar, eg trur terskelen for å joine eit arrangement frå ein organisasjon kan være litt det same.

Men eg vil anbefale deg å prøve!

For tør du å hoppe inn i eit arrangement, så kan du oppleve å lande i forståelse, støtte, oppbakking, glede, og ikkje  minst born som er like «utanfor A4» som dine eigne.

Du er ikkje åleine!

Tar du sjangsen?

 

<3<3 Ragne Beate