Sorteringsamfunnet, er det eigentleg borte?

7. juni 2017

Er mennesker med funksjonshemming like mykje verdt som alle andre?

Vi vil jo gjerne tenke det ikkje sant?

For ingen vil vel ha på seg at man har neglisjert eller undertrykka eit menneske som i utgangspunktet har utfordringar.

Samstundes så leve vi endå i eit samfunn der velferdstaten har ytingar og stønadar for mennesker med spesielle behov, som er langt bedre enn dei aller fleste land som ein kan samanlikne seg med.

Men kva er eit godt liv?

Kva er god omsorg?

Og kva er forsvarleg?

Sanninga er at ordet forsvarleg er det rådande rundt omkring i kommunane våre.

Ein snakkar om den forsvarlege kvardagen.

Kvardagen der det ikkje er fare for liv og helse, og at ein har mat på bordet og ligg i ei seng.

Utover det er det økonomien som rår, og slik er det! Ein bestrebe heile vegen å finne løysingar som kan spare pengar, og eg skjønar det!

Eg skjønar at det er mange om beinet, eg skjønar at pengane skal brukast helst to gonger og kanskje tre, og at dei skal hyre til mange mange behov.

Medaljens bakside er at vi er i ferd med å få eit sorteringsamfunn der dei friske lev liva sine, og dei som er annerleis lev livet etter norma «forsvarleg».

Eg meiner at ordet «forsvarleg» rommar så mykje meir enn eit tilsyn som går på liv og helse, og det å ha mat på bordet og ei seng å sove i.

Forsvarleg omsorg slik eg ser den er mogeleghet for utvikling, opplevingar og meistring på lik linje med andre mennesker i samfunnet vårt.

Ikkje oppbevaring.

For det er jo det som skjer når ein tar utgangspunkt i kva som er forsvarleg, for skal man kun gå ut i frå eit tilsyn, så blir desse menneska satt på oppbevaring.

Og det er ikkje greitt!

Det er ikkje litt greitt eingong!

Og eg nektar!

Eg nektar at det livet mine gutar skal leve som vaksne skal vere oppbevaring!

Forsvarleg omsorg er livskvalitet!r det.

Og livskvalitet kostar pengar- så enkelt er det.

Men eg meiner at desse menneska med så mange ressursar er verdt den investeringa.

Det handlar om å finne meiningsfulle aktivitetar og ikkje minst tilrettelegging av jobbar som gjere at ein kan finne meistring og glede.

Kan vere til nytte, for rota til alt vondt er lediggang, også for denne gruppa med mennesker.

Men, dei treng oss til å hjelpe seg!

Vi kan ikkje komme dit hen at mennesker med funksjonshemming forsvinn frå bybiletet fordi det ikkje finnast økonomi til ein tur på byn og spise is.

Ikkje økonomi til ein kinotur med ledsagar, eller å kjøyre buss.

Fjellturen som gjekk skjeisen fordi ein treng 2-1 på den turen og ein dessverre har minimumsbemanning i boligen, eller at ein ikkje kan ta ein badetur fordi den med livreddarkurset er på ferie og kjem att om 4 veker.

«Vi får håpe det er fint ver då».

Hadde du godtatt å bli satt til eit minimum av degsjølv?

ALDRI!

Du hadde saksøkt både klokkar og prest!

Så kvifor skal mennesker med funksjonshemming godta det?

 

Vi lev i eit godt land på mange måtar, men vi har utfordringar, og dei må vi ta tak i.

Eg spør deg- kva meine du er forsvarleg omsorg?

Korleis ville du ha blitt møtt om det var du som skulle få denne omsorga eller ein av dei du er glad i?

 

<3<3 Ragne Beate