Borte, men alikevell her

14. juni 2017

«Du er borte men alikevell her.

Flykta frå verda du lev i, og inn i den andre verda.

Den verda mamma ikkje slepp inni.

Du er så nær, så nydeleg, så vakker og så god, men alikevel er så veldig langt borte.

Eg ropar på deg.

Du svarar ikkje.

Eg ber deg om å sjå på meg.

Augene lyfter seg, men eg ser du ikkje er heime.

Du fokuserar på ditt trygge, i di verd, på din planet.

Verda utan visum for andre enn deg.

Før stressa mamma voldsomt når dette skjedde, stressa for å prøve å halde deg her, bekymra seg grøn over adferd som plutseleg dukka opp att som ho trudde vi hadde fått fjerna for godt.

All den innsatsen vi har lagt ned for å plukke av deg ting og tang, også plutseleg så er dei tilbake igjen?!??

Kva er greia liksom??

«Greia er at det handlar om deg- ikkje om meg»

Og, det handlar om korleis du utvikle deg- korleis du hoppar på din eigen utviklingsstige.

Det handlar om ei utvikling som ikkje kan lesast seg opp på i ei bok, fordi fasiten ikkje er skriven endå, men vi veit at alt skjer av ein årsak.

Og, det er årsaka ein må leite etter når du vel å ta romskipet og reise til planeten mamma aldri vil få innvilga visum til.

Årsaka kan vere breispektra,tverrfagleg, eller den kan vere banal.

Utfordringa for mor di er at desse i denne samanhengen er likestilt.

For også banale logiske ting som vi andre tek for gitt kan vere ei kjempeutfordring for deg.

 Det kan handle om for mykje krav, eller feil krav.

Det kan handle om stress som vi andre ikkje tenkjer på som stress, men som i sum blir for overveldande for deg.

Det kan handle om søvn som har vore dårleg over lengre tid.

Eller, det som somoftast skjer: Mor di har ikkje peiling på kvifor det skjer, og ho finn heller ingen openbar årsak- du berre tek deg ein «ferietur».

Men eg sluttar aldri å leite…

Det du treng når vi havnar i desse periodane er ro og ubetinga kjærleik.

Samstundes som at rutinane ikkje vert endra.

Du treng å kjenne på ein kvardag som er endå meir forutsigbar enn den du er vandt til.

Du treng å få snakke om tinga som interesserar deg når du ynskjer det, og du treng at vi ikkje masar.

Ein heil masse ting som på pairet kan høyres så enkelt ut, men som ikkje er det alikevel, fordi samfunnets jag ikkje forsvinn sjølv om du tek deg ei pause.

Det handlar også om å ha is i magen og ikkje gje deg opp.. for du landar igjen tilsutt..

Nokre gonger tek det nokre veker, andre gonger månadar..

Men tilbake kjem du, og plutseleg ser mamma at du har lært deg nye eigenskapar.

Funne andre løysinger.

Du måtte berre ta deg den tida du trengte <3

Det er vondt å vente, utfordrande og legge til rette, og bekymringane gneg om ein vil eller ikkje.

«Du kjem vel tilbake denne gongen og, sant?»

 

Livet med autisme i familien- eit liv som ikkje kan samaliknast med noko som helst som eg har vore med på før.

Eit liv utan bruksanvisning.

Eit liv som ikkje eingong kan samaliknast med andre som og er i autismeverda.

 

Vårt liv.

 

Borte- men alikevel nær…

Different but not less <3

 

<3<3 Ragne Beate