Avviket

20. juli 2017

«Dei er no heldige som har kverandre iallefall»

Det høyre eg ofte, eg trur det vert ei setning som blir logisk å seie når ein ikkje veit kva ein skal seie, eller kanskje ikkje forstår kva som skjer.

Eg er einig.

Eg er så einig  og eg er så takksam for at når autismen skulle banke på vår dør, så banka den på hos begge borna, og ikkje berre ein.

Mange gonger har eg tenkt på om det kanskje hadde vore endå meir jobb om den eine var «frisk» og den andre ikkje.

Heldigvis er ikkje det ei problemstilling eg treng  forholde meg til, like som at eg heller ikkje treng å forholde meg til korleis livet vårt hadde vore om gutane var funksjonsfriske.

Fordi livet vårt uansett ikkje er sånn.

Ferietid er ferietid, eg orke ikkje skrive meir om det, det er no berre ein tilstand vi kjem oss igjennom og kose oss på vår måte, mens tida berre går.

Pappaen i heimen er i India på jobb, så vi fekk oss ein 5- 6 veker åleine denne ferien, så vi oppheld oss heime:)

I dag har vi feira månelandinga til USA og Neil Armstrong med kake, verdsrommet er den store nye hangupsen;)

Men tilbake til overskrifta:

Avviket.

Forskjellen.

Individa.

Framgongen og stagnasjonen.

Georg og Laurits- ikkje tvillingane.

Om det er på grunn av ferie at eg ser det meir markert eller om berre den eine har rasa frå den andre , det veit eg ikkje.

Men eg ser, eg analyserar, og eg godtar.

Eg godtar forskjellen.

Aldri vil eg gje nokon opp, men eg godtar at den eine vil ha heilt andre behov enn den andre.

Eg har slutta å samanlikne.

Det tok 9 år.

Eg hadde vel håpa at det kunne tatt noko lengre før eg måtte innsjå at det er slik det er, men no ser eg at vi har kome til ei brytning.

 

Mange gonger skulle eg ynskje at dei som sit med makta kunne ha vore litt ilag med oss, rett og slett for å sjå og visualisere kor alvorlig forskjellig mennesker med autisme kan vere.

Også med nesten identisk DNA.

Kor noko funkar på ein, mens den andre faktisk blir frårøva noko om han må gjere det same!

Ikkje minst tenkjer eg at vi må lære oss ein gong for alle at rettferdighet ikkje er likhet, men heller tilpassing og tilrettelegging.

Noko eg trur og foreldre med born utan funksjonshemming kan skrive under på, for i ein heilt vanleg søskenflokk er det også vanskeleg å vere rettferdig med alle om ein skal gjere det heilt likt.

Mennesker er individ- individuelle- alle med ei sterk og ei svak side.

Mennesker med autisme er ikkje  lenka saman med same behov fordi dei har same namn på utfordringa, dei er heller endå meir avhengige av at dei som jobbar i teamet rundt klarar å sjå mennesket og styrka- ikkje «autismesymptoma».

Og på same måte som at opplegget i kommunane ikkje kan leggast etter ein mal der autistiske mennesker får ein slik «pott», og ferdig med det.

Eg er heldig som har to som alltid har kvarandre, eg håpar avvika, forskjellane, individualiteten ikkje vert så stor at bandet ryk.

Mamma Ragne kjem i alle fall til å forsette å jobbe veldig med relasjonen mellom dei og finne koblingar som dei framleis kan einsast i.

Fordi det er viktig.

Han er ikkje tung, han er bror min <3

 

Different but not less <3

<3<3 Ragne Beate

 

  • Livy

    Nå ligger vi 2 år forran deg og mine er ikke identiske tvillinger men jeg skjønner hva du mener!! Det er ikke lett når den ene raser i fra på sin måde.
    Men som vanlig så bretter du opp ermene og tar fatt på oppgav som e gitt deg. Og inspirer oss andre😘
    Og så enig med du, om at dei som sitter med makta skulle fått bodd hos oss i en uke å sett, følt og opplevd båt hverdag! For ferie er ikke ferie!! Så det så…
    Stå på 😘
    Klem