Avlastning, kven er den eigentleg for?

26. juli 2017

Avlastning, ordet som for mange kjem med ei bitter bismak.

For nokre ein terskel å kome over for å søke som kan samanliknast med å klatre Himalaya, mens for andre er ein av dei tinga ein berre innser kjapt at ein treng.

Vi er alle forskjellige.

Det same er tilboda som dei ulike kommunane gir.
I nokre kommunar er tilbodet bra, kompetanse god og familiane fornøgde, mens i andre kommunar er kampane «blodige» tårene ramsalte, og familiane utslitte.

Men kven er eigentleg denne avlastninga for?

Er det bornet som treng avlastning? Eller er det foreldra?

Eg tenkjer at det i mange situasjonar er litt riktig begge deler, fordi foreldra treng kvile, og bornet treng å få andre utfordringar og miljøskife.

Det vi derimot IKKJE er flinke nok til å vektlegge når ein tenkjer på avlastning, det er søsken.

Bilderesultat for søsken sitat

(Lånt frå diperdivadiary)

Eg har skrive opp og i mente om søsken på dei 2 åra eg har skrive på bloggen min, og har ikkje tenkt å stoppe med det før det faktisk blir tatt på alvor!

Sumarferien er krevjande for ein heilt vanleg familie, i år fekk i alle fall vi på vestlandet heile 9 veker.
Desse 9 vekene skal delast på mellom to  foreldre, eller ofte eit dobbelt sett med foreldre i dei situasjonane der borna bor i delt heim.

Ein voldsom logistikk skal gjennomførast for å klare å få eit par veker ferie ilag som familie, og må sy dei vekene begge må jobbe i hop med barnepass.

Andre må forhandle seg fram til deling av ferien slik at samværsavtala går opp, og ein må på kvar sin kant ordne barnepass den tida ein då er åleine om omsorgen og kanskje i jobb.

Og folkens, det er faktisk ikkje sånn at alle i verda har besteforeldre som kan stille opp eller tanter og onklar.

Samfunnet vårt er no slik at dei fleste besteforeldre også er i full jobb!

I tillegg så er det mang ein SFO som ikkje er open i ferien, barnehagane har sine obligatoriske 3 veker fri, men heldigvis er det tilbod som «sumarskular» og andre leirar som man kan sende borna sine på om dei er motiverte og klare for det.

Men, så har man familiane med born med spesielle behov.

«Sumarfuggel borna» som ikkje lar seg plassere på ein sumar skule eller leir.

Borna som er så inni hampen avhengige av at dei som skal ta seg av dei har kompetansen, forståinga og ikkje minst interessa for å klare å takle deira behov.

Borna som til vanleg mottar avlastning frå det offentlege.

Etter kamp, vonde søknadar og mykje dårlig samvit frå foreldra- diverre.

Familiane som opplev at avlastninga vert STENGT i fellesferien.

Då behovet er størst.


Dei aller fleste familiane kjem seg igjennom desse vekene, foreldre med born med spesielle behov er flinke til det, men det har ein konstnad, og den konstnaden heiter friske søsken!

Og det provosere meg noko heilt vilt at ikkje ein klarar å sjå det!

Eg har fleire venninner som i desse dagar slit seg ut på dårleg samvit, på kampar og utfordringar, som angår friske søsken som vert frårøva noke heilt essensielt, fordi avlastninga er stengt:

DEIRA FERIE!

9 veker ilag med eit søsken eller fleire med spesielle behov, som og til kvardags tek frå dei oppmerksomheita til foreldra, men som i ferien plutseleg opplev at dei mistar omtrent alt.

Og det er faktisk ikkje rettferdig litt eingong!

Eg har ei venninne som har to søsken som ikkje får fare på stranda, fordi det ikkje er forsvarleg å reise dit med søskenet som har funksjonshemming.

Pappa er på jobb, familien har lite nettverk, og konklusjonen er å halde seg i ro.

For avlasting finnast ikkje før i august- den har nemleg ferieavvikling.

Ser de kor eg vil?

Og er det riktig at det er det friske søskenet som blir «sendt vekk» på sumarskule, når det eigentleg berre ville vere litt ilag med mamma og pappa?

Avlasting er ikkje ei «kvilepute» for utslitte foreldre, det er den mogelegheita foreldre har til å gje søsken den pausa dei treng i ein for mange utfatteleg krevjande kvardag.

Ferien- som ikkje vart ferie i det heile for dei slitarane av nokre søsken som til dagleg lev i heimar med utfordringar.

Ja, eg skrive harde ord no, eg veit det, og mogeleg eg og set ting litt på spissen ,men eg er stygt redd eg ikkje gjere det!

Tenk deg å vere eit born som i ferien gler seg til skulestart, fordi då vil søster eller bror reise på avlasting igjen, då vert det stilt..

Hadde du godtatt det sjølv?

Eg skjønar at denne teksten kan virke støtande på mennesker med diagnose, men det er aldeles ikkje det som er meininga, for det er ikkje der utfordinga ligg, og det er ikkje og eg gjentar ikkje menneska med diagnose sin feil at ting blir som det blir!
Utfordringa ligg i det systemet som «nettar» ned i feriar, og set familiar i krevjande liv i endå større beit!

Eg meiner, og det står eg for til den dagen eg dauder, at søsken har KRAV på gode liv, på lik linje med at born med diagnose skal ha den rette oppføljinga.

Det må for svarten gå ann å sjå begge deler!

«Han er ikkje tung, han er søskenet mitt»-

Det er vår sure plikt å bære den børa for søskena, for veit de, søsken kan vere tunge….

Kven treng eigentleg avlastning?

 

<3<3 Ragne Beate