«Å vinne gull, utan at nokon skjønar det»

6. august 2017

«Du har vunne gull mange gonger, fleire gonger enn du har tal på faktisk, og det er ikkje ein kjeft andre enn du som veit om det.

«Det gjekk jo så greitt det»- er kommentaren ein får på oppløpet.

Hadde det vore ein marathon, eit hekkeløp eller kanskje ein eksamen , så hadde det vore heiarop og hyling rundt.

Greia er at du spring marathon, hoppar hekkar og tar eksamenar kver ein einaste dag.

Og, du veit, det går aldri berre «greitt».

Bak «greitt» kan det ligge TIMESVIS med arbeid, tårer og tenners gnissel.

Ja, vi snakkar om ein handletur, eit besøk hos nokon, eller ein eller annan sosial event.

Vi kan og snakke om å gå på skulen.

«Kvifor treng bornet ditt assistent? Det går jo så greitt?»

Vi menneske har ein utrulig rar evne i å måle suksess i adferd som er «grei».

Det vil altså seie at om eit born med diagnose oppføre seg «greitt» i det sosiale rommet, så har alt gått topp, i alle fall for alle dei andre rundt.

Kanskje mamma og pappa sånn på førehand forsiktig ymta frampå at det kanskje kan gå te helsikke, så om det gjere det så må de berre ha oss unnskyldt..

Også går det «greitt».

Altså- adferda er ikkje voldsom, lydhør eller merkbart unormalt!

Då sukkar verda rundt, trekk på skuldrane, ristar på hovudet, er letta og seier:

«Jamen, sjå der, det gjekk jo GREITT!»

Ingen spør kva som har gjort at det gikk «greitt», og ingen blir med heim etter at det har gått «greitt».

De skjønar, det er svært få foreldre som gidd å legge ut ein lang status i ettertid av ei «grei» hending, når det gjett til peaces når dei kom heim.

For ein ynskjer ikkje det.

Ein vil ikkje dele det då.

Fordi det er både vondt og vanskeleg, og fordi riset bak speilet er ofte det.

At når ting går «greitt» så får man det att i etterkant.

Det er derfor det er så uhyre viktig at man ikkje tar vekk ressursar sjølv om det «tilsynelatande» ikkje er bruk for dei.

For auget bedrar- det er svært få som skjønar jobben bak «dette gjekk jo heilt greit», om ein ikkje er med å erfarar det sjølv.

Der ute i Noregs land sit det foreldre og fagfolk som omtrent kvar ein einaste dag går for gull ,og som når pallen med bravur, og det er ingen andre enn dei sjølve som veit kva det har kosta, kor mykje tid som har gått med, eller kor mange «skjær i sjøna» dei har manøvert seg forbi for at bornet dei har jobba med skal lukkast.

Det verste av alt er at det er ingen andre som heller ser pallen- dei såg berre eit resultat utan så mykje fakter, lyd eller anna merkeleg adferd.

 

Eg syns det er noko å tenke på.

 

Skulestart nærmar seg, kvardagen tar til igjen, og mange av oss vil oppleve mang ein:

«Sjå der ja, det gjekk jo greitt!- FLOTT!!»

 

Ta deg eit minutt, reflekter, og still deg spørsmålet-Kvifor gjekk det greitt?

Og du kan og sende ein tommel opp til dei andre rundt som har gjort jobben ilag med bornet.

Det kan hende dei må ned frå pallen faderleg fort!

 

Slik er autisme- på godt og vondt.

 

<3<3 Ragne Beate

 

  • Kristine G.

    Godt skrevet Ragne. 🙂
    Jeg er helt enig i at det er alt for mange som sier at «det gikk greit» og så ser de ikke på årsaken til at det gikk greit. At den ekstra ressursen som ble satt inn, gjorde en positiv forskjell, eller omvendt – at ved at en ressurs ble fjernet så gikk det til «hekken»…

  • Tone

    Så godt skrevet👍🏻 Alt her blir spart opp til han kommer hjem å da smeller det👊 Men det går greit for vi er forberedt på det…Heller her hjemme enn på de andre barna tenker nå jeg.
    Var en rektor som sa at barnet trenger da ingen ekstra resurser på sfo når han starter på skolen…for det går jo så greit på barnehagen.
    Han hadde virkelig ikke peiling på hvor mye arbeid som lå bak at det gikk så greit.
    Vi tok kampen og barnet har i dag ressurser hele dagen👍🏻👊