«Kven vil tru deg i dag?»

8. september 2017

Dette er eit heilt relevant spørsmål som foreldre med born med autisme stille seg.

Før eit møte, i ein samtale med skulen, eller i ein forberedelse før ein overgong.

Du står klar som sendar av eit bodskap.

«Mitt born treng».

Det handlar ikkje om at ein har krav på, det handlar heller ikkje om at ein «skal ha».

Det handlar om kva bornet treng, og, det handlar om kva familien treng.

Fordi desse to elementa smeltar saman.

Dette to tinga blir eitt.

For, om ein tek vekk ein «dette treng vi» ting på skulen, så skal eg love deg at det går utover familien heime.

Det er det autisme handlar om ofte- gjennomgripande utviklingsforstyrring- som forstyrrar i alle ledd om ein ikkje tek grep tidleg i kjeda.

Så kva treng eit born?

Og kva treng «alle andre born på same alder»?

Bare å i det heile tatt gidde å stille seg det spørsmålet når ein har med born med autisme å gjere, gjer at eg vert svett i øyrene.

Du skjønar, eg måtte slutte for fleire år sidan å forholde meg til kva alle andre sine born kunne eller skulle.

Hadde eg ikkje gjort det hadde eg nok blitt skikkeleg sjuk sjølv.

Sjuk av smerte, av sorg, av annerleislivet som eg grusetryne i så mange gonger.

«Faceplant» kalle 12 åringen det og ler.

Vondt- seier eg.

Eg drite loddrett i kva alle andre born på same alder held på med!

Men eg bryr meg mykje om dei små tilpassingane som mine gutar treng for å fungere.

Som tildømes å gå på grupperom når det blir for mykje, skjermast og få kvile.

(Vil legge til at det får dei altså- dei er flinke dei som jobbar med mine sine)

Fordi den kvila er det som gjere at min gut klarar å vere sosial med nokon andre jevngamle- om enn berre i 2 minutt.

Og veit du, 2 minutt er pina meg uendeleg mykje lengre enn ingen minutt altså!

Men det handlar om at dei som er rundt har forståing for dette.

Det handlar i stor grad om å bli trudd!

Som mamma til born med autisme bere du på den angsten heile vegen.

«Blir du trudd?»

Trudd på det som er rett for ditt born, sjølv om det kan virke heilt hinsides for alle andre.

Det som kallast tilrettelegging.

Men som ofte vert eit munnhuggeri mellom to som argumenterar.

Dei som kjenner bornet best-foreldra.

Og «hjelpeapparatet».

 

I disse dagar kom ei, eller nei, i disse dagar er den viktigaste boka kommen på marknaden.

Boka ført til pennen av Olaug Nilssen.

Eg tore ikkje anmelde boka, til det føler ikkje eg med flink nok, og den grip og såpass inn i mitt eige kjensleliv at det blir litt overveldande å gjere det og.

Men, eg legg ved eit par andre som har gjort det, og som eg syns var steikje gode i utføringa!

https://www.dagbladet.no/kultur/er-skremmende-aerlig-og-selvutleverende-i-skildringen-av-en-mors-liv-med-et-autistisk-barn/68667105

 

https://bok365.no/artikkel/vesle-daniel-verda/

 

Uansett kva status du har er dette boka du må lese!

Fordi den vil gje deg noko!

Og eg håpe for alle oss andre rundt som sit med våre utfordringar, at boka «Tung tids tale» gjere noko med alle dei som sit rundt og skal hjelpe.

Eg håpar den gjere at fleire blir trudd !

 

Takk Olaug!

 

Different but not less!

 

<3<3 Ragne Beate