«Mamma, vil eg alltid ha autisme?»

30. september 2017

 I kveld fekk eg spørsmålet eg har venta på, for eg visste det ville komme.

Ein del av meg jubla.

«Tenk at du er komen så langt!»

Guten som nesten ikkje hadde språk før han var 5 år, som berre snakka i 3 ord setningar, og som heller heiv ein bil etter meg når han var sint, i staden for å spørje, eller forklare kvifor han var sint eller lei seg.

Sonen min, som ved hjelp av hinsides mykje trening, fantastiske flinke pedagogar, og eg håpar ei flink mamma og pappa, har utvikla seg til bornet som spør mamma si:

«Vil eg alltid ha autisme?»

Bror din- tvillingen- er ikkje der.

Han vil ikkje makte å spørje.

Bror din lev på eit heilt anna nivå, til tross for at han berre er 9 minutt yngre en deg,men alikevel veit eg at svaret eg skal gje deg vil påvirke dykk begge.

Fordi du er ledestjerna, fordi det er du som undrar, og bror din drar nytte av di undring på ein heilt spesiell måte som ikkje nokon kan forstå.

Det handlar forøvrig ikkje om autisme, det handlar meir om å ver einegga tvillingar.

«Mamma, Laurits skjønar tankane mine»

Slik er det.

To sjeler- ein tanke-så forskjellige.

Men kva skal eg fortelje deg gullet mitt?

Korleis skal eg forklare for deg, 9 år gamal, med ein IQ som går mor di himmelvid over hovudet, om denne utfordinga som heiter autisme.

Den som aldri vil bli borte, som vil vere ein del av deg uansett kor mykje vi jobbar for å gjevne ut forskjellane.

Den du no kjenne på  sjølv.

Du ser.

Du opplev.

Du er erfarar.

Du er annerleis.

Venen min, eg hadde ikkje noko fasitsvar denne gongen.

Om du spør meg igjen om 4 år, så har eg det heller ikkje.

Mamma er nok blitt endå meir smart på autisme om 4 år, men ho har framleis ikkje den godkjente og utdjupande svaret på kvifor du for alltid vil ha autisme.

Rett og slett fordi det er fryktelig vanskeleg å svare på!

Fordi eg ikkje har nok innpass i di verd til å klare å forsvare eller forklare det utifrå den verda som eg sjølv har vokse opp i.

Den nevrotypiske verda- det som liksom skal vere normalt.

Du låg i armane mine, og vi snakka, eg forklarte deg kvifor du fekk vondt i øyrene dine når det vart mykje lyd.

Forklare deg kvifor du ikkje følte deg vel når det var mange menneske rundt deg, og kvifor du kunne få panikk når ikkje alt gjekk etter planen.

Du låg der i armane mine, eg veit ikkje kor mykje du fekk med deg, kor mykje du forsto, så eg avslutta.

Eg avslutta med:

«Vennen min, det aller viktigaste er at vi er frykteleg glad i kvarandre»

For det er det viktigaste av alt!

Kjærlighet!

For kjærlighet gir rom for forståelse, som også vidare gir rom for tålmodighet, og å strekke seg endå litt lenger…

Strekke seg den vegen det trengs for at du, bror din, og mange med dykk skal få utvikle seg.

I kjærlighet ligg og hat.

Hat for det diagnosa kan lage av bråk, hat for at det du og bror din må oppleve, men eit hat som man bare må snu om til konstruktiv kampvilje om at det her skal vi klare!

Det her skal vi finne ei løysing på!

Det her skal vi hyle så høgt for at hjelpeapparatet må skjøne!!!!!!

Skjøne kva DE treng for å få eit godt liv.

Skjøne din verdi- bror din sin verdi- dykkar sin rett til eit likeverdig liv <3

 

Eg veit ikkje om eg gav deg ei god forklaring i dag venen min, men eg veit du la deg med vissheita av at mamma og pappa elske deg over alt på denne jord..

Deg  og dine brødre..

 

Eg håpe det er nok, akkurat no <3

 

<3<3 Ragne Beate