Entries from oktober 31st, 2017



Når vi set oss til dommar over andre.

posted on: 31. oktober 2017

 

«Å dømme andre er noko av det lettaste vi menneske gjere ,og vi gjere det heile tida.

Nokre gonger så gjere vi det ubevisst, det berre kjem der og då,men i dei aller fleste situasjonar så gjere vi det særdeles bevisst.

Vi reflekterar rundt andre menneske, og vi konkluderar.

«Ikkje rart han eller ho vart sånn, har du møtt foreldra?»

«Han der han ser no ikkje noko særleg autistisk ut, eg trur nok dei overdriv»

«Kan du skjøne at den eleven treng så mykje ressursar? Det må vel vere andre plassar det skortar tenkjer no eg»

 Kjenne du deg att?

Eg gjere, fordi eg gjere det sjølv.

På begge sider.

Eg har mang ein gong tatt megsjølv i å tenke eller reflektere rundt andre sin situasjon, og trukke mine eigne meir eller mindre idiotiske slutningar som også har vist seg å vere heilt feil!

Og, eg har stått i andre enden og blitt snakka om, blitt reflektert rundt, og også gitt ei rolle eller satt i ein situasjon som er feil.

Kvifor?

Fordi vi mennesker er sånn.

Eg seier ikkje at det er greit, for det er det ikkje, men eg seier det er menneskeleg, fordi vi alle havnar der- tenkjer sånn-.

Nokre gonger kan det vere desperasjon, andre gonger sjalusi men i større eller mindre grad så handlar det i hovudsak om uvitenhet!

«Eg skjønar situasjonen din»- seier mange.

Størsteparten av dei som får den setninga sendt mot seg har lyst til å snu seg for å hyle:

«DET GJERE DU FOR POKKER IKKJE, DU SKJØNAR INGENTING!!»

For korleis kan denne personen skjøne noko som du sjølv kanskje slit med å forstå?

Autismens skjulte ansikt, ADHD slik det faktisk er, angsten som murrar i undergrunnen..

Så mange skjebnar, men så lite forståing på kvar skoen faktisk trykker!

Så mange forskjellige menneske, med kvar og ein si heilt unike oppfatning av kva som er reelt.

Opplevingar som nokre kan kalle bagatellar, mens for andre opplevast som det reine skjære overgrep.

Tenk om ein kunne snu på flisa, fjerne dommaren og sette inn nyskjerrigheta.

Sette inn empatien og tålmodigheten.

Kva om ein spurte seg:

«Kvifor er det slik? Kva kan eg gjere for å lære noko nytt? Korleis kan eg hjelpe?»

I staden for å bruke tida si på å diskutere kvifor det aktuelle mennesket ikkje såg så autistisk ut, og umogeleg kunne trenge så mykje hjelp!

For kva er å sjå autistisk ut?

Kva er det å være autist?

Eg kjenner mange med autisme, eg kjenner to veldig godt, dei er i tillegg like som to dråpar vatn om du ikkje kjenner dei, men dei er like ulike som himmel og helvete!

Og veit du, dei ser i alle fall ikkje autistiske ut, trur eg, anna enn at dei har eit drag over augene tidvis, når dei er slitne, men det har vel kanskje eg og?

I tillegg så klare dei utruleg masse bra, men det kan hende det hadde vore ein ide å hatt ein inngåande samtale med pedagog og assistent, eller kanskje mamma og pappa, før ein dømte ut i frå kva dei klare å prestere.

For dei kan fortelje ei heilt anna historie om vegen fram til å klare målet.

Håpar du har god tid- det er nemleg ikkje fortalt på 5 minutt.

For slik er det ofte- resultatet blir dømt  når ein når sluttspurten.

Men ingen spør om korleis vegen til vart til..

Eller, ingen spør kvifor verda rakna i grus på oppløpet.. ein set seg berre til dommar over eit raseriutbrudd.

«Det vanskelege bornet».

Kjenne du deg att?»

 

<3<3 Ragne Beate

 

Kva ventar der framme?

posted on: 7. oktober 2017

Eg sit med kjøkkenbordet mitt, med kaffi i koppen og to twist ved sida av meg.

Eigentleg er eg litt irritert over at eg ikkje fant aprikos sjokoladen i twistposen, og måtte ta til takke med banan, men som så mykje anna så er dette eit ilandsproblem.

Morgonen i heimen har vore god, og eg lev veldig på det.

Desse små tinga som gjere at det ser ut til at dagen i dag blir bra, kanskje blir den til og med skikkelig bra?

Uansett, ein god start på ein heimelaurdag, og ein god start på haustferien som no er komen til Nordvestlandet.

Veka utan den vanlege strukturen, veka der det forventast at mamma skal ordne med den strukturen som trengs er vel meir riktig å seie.

Det er godt mamma har vore igjennom nokre feriar før, så ho veit kva som skal gjerast.

Forventast.

Det forventast mykje av foreldre.

«Det forventast at foreldre skal ta så og så mykje av omsorgsbehovet..»

Ei setning som ofte går igjen når ein søke på noko, og «det som vert forventa» vert trekt i frå før man tar stilling til kor stort omsorgsbehovet er, og kva ein då kvalifiserer på av hjelp.

Dei aller fleste foreldre tenkjer ikkje ein gong over kor mykje dei gjere av det som er forventa, for ein gjere jo det beste for bornet sitt uansett ,gjere ein ikkje?

Her eg sit med kaffikoppen min, så har eg sjølvsagt streifa meg innom Facebook og scrolla meg meir eller mindre likegyldig nedover sidene.

Det er ein refleks, eg leitar ikkje etter noko, eg berre ser,  mens eg gler meg over lydane i heimen.

Miniforedraget eg fekk i sta om kva som befinn seg inni ein planet, og latteren som bøljer gjennom rommet etter ein youtube video av ein katt.

Så bekymringslaust vi har det akkurat no, her på garden vår, trygt og godt.

Facebook viser meg ein artikkel om 42 år gamle Elin med Down syndrom som ikkje lenger får lov til å trene.

https://www.nrk.no/hordaland/utviklingshemma-far-ikkje-lenger-trena-1.13718303

Helsegevinsten med 20 kilo ned, meistring og glede er ikkje nok.

Vi har ikkje råd til at Elin på 42 skal få følje til treningsstudioet lenger.

Vidare i min Facebook feed sit ei anna mamma, på ein heilt annan kant av landet ,fortvila.

Kommuna vil kutte i støttekontakt ordninga.

Det er ikkje lenger pengar nok i potten.

Dei verdifulle timane med meisting skal bort.

4 timar som for mange symboliserer dei timane dei fysisk ER ute av heimen eller omsorgs boligen.

4 timar i veka.

Kor mange utan utfordring har nokon gong satt seg ned og tenkt over kor mykje 4 timar kan bety?

INGEN!

For de treng det ikkje!

De klarar ikkje å setje seg inn i kor vanskeleg det kan være å føre ein samtale, eller kor utruleg krevjande det kan være å stå i ein kø på Rema 1000.

De har heller ikkje tenkt på kor heldige de er som har vener, og som har sosial kompetanse som tilsvarar at de kan velje og vrake.

Om du i dag skal stikke på fest, gå på kino eller bare ligge heime på sofaen og sjå NRK og ete meg kvalm på smågodt ( kremt- eg er då kategori 3).

Mange treng hjelp til akkurat dette- omsorg, støtte og hjelp til å få lov til å komme seg ut.

Mange treng hjelp til nettopp det alle andre tek for gitt!

Og det skal vi ikkje ha råd til?

Ligg problemet i at dei som styrar ikkje evner å setje seg inn i akkurat det problemet?

Å ha utfordringar med det andre tek for gitt?

Kva blir så det neste undrar eg?

Kvar går vegen vidare?

Og ,kva er tatt bort  av hjelp den dagen mine skjønne gutar ikkje lenger er gutar, men menn med utfordringar som skal ut i voksenlivet og delta i samfunnet vårt?

Eg stjel ein kos frå guten som akkurat no snurra ein piruett på golvet, og som rekk meg eit ark der det står «Windows xp»..

Henda flappar lett i lufta mens han smiler og seier han no vil leike at han er eit fly.

Eg veit at lyden av flyet kjem til å bli uholdbar snart og at eg kjem til å gripe inn og be han slutte.

Tilby noko anna, finne på noko anna som er betre og meir konstruktivt.

Men akkurat no skal han få lov til å leike fly,  og eg skal nyte at han berre er 9 år og ikkje har nokom bekymring.

Tankane min flyg.

Ein del av meg skrik at eg aldri kan dø, at eg alltid må vere der og snakke, legge til rette, vise verda kva som funkar for gutane.

Den andre delen seier: «Vi må aldri slutte å kjempe».

Kjempe på funksjonshemmedes rett til verdige liv!

Rett til hjelp til det dei treng hjelp til, retten til å leve livet som alle andre tar for gitt.

For dei er verdt det!

Different but not less for svarte svingande!!

Det hadde vel vore lettast å vere udødeleg…..

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

Å møte særinteresse med eit smil

posted on: 3. oktober 2017

Det er ikkje alltid bare bare med desse særinteressene eller hangup`s som dukke opp i tide og utide.

Og dei er uforutsigbare.

Ein kan legge seg den eine dagen med eit born som har fullt fokus på eit dataspel (som du endeleg etter mykje om og men har begynt å skjøne deg litt på), også vakne du dagen etter og opplev at dataspelet du har satt deg sånn inni, ikkje lenger er aktuelt.

No er det Windows som gjeld.

Windows operativsystem.

(bilete lånt frå nettet)

Du sit der med eit påklistra smil og tenkjer:

«Kva i svarte svingande er så interessant med windows?»

Men klok av skade så veit du at det er ikkje spesielt lurt å avfeie, undergrave eller oversjå nettopp Windows.

For frå no av skal du og Windows leve tett ilag.

Tett- klaustrofobisk tett.

Du skal frå no av bruke ein heil haug av di vaksentid på å snu Windows til din fordel.

«Om du kler på deg no så skal vi finne noko lurt på nettet om Windows»

«Sjå, der er middagen din, du får sjå meir Windows om du fokusere på den og ikkje på alt anna no»

«Veit du, viss du jobbar skikkeleg godt på skulen i dag, så kanskje vi kan printe ut eit Windows bilete til?»

Windows blir livet ditt.

Eigentleg så trur eg du, etter ei stund ,ikkje heilt kan skjøne korleis du klarte deg FØR windows kom inn i livet ditt.

Du føler og plutseleg eit nært og godt forhold til ordet «Produktnøkkel»

Grunnen er vel at printeren din i eit ubevokta augeblikk vart tømt for blekk, der 15 bileter av produktnøklar til Windows som ligg på nettet plutseleg spydde ut av printaren din.

Du kunne sjølvsagt blitt både sint og forbanna, men når du ser gleda i augene på guten som står og tar i mot arka, og med stjerner i augene ropar:

«Mamma, sjå eg fant ein produktnøkkel til Windows xp!!»

(Produktnøkler tatt frå bileter på nettet, fint klipt ut og lagt i skuffa)

…då dett du litt utpå sjølv..

Deler gleda over det nyerverva biletet av Windows xp, lykka bornet ditt føler!

For den gleda er like stor som då du fekk B på eksamen i psykisk helsearbeid, eller fekk roser med mannen din heilt uventa.

Den er heilt reell!

Like virkelig som at andre scorar mål på i ein fotball kamp og jubelen står i taket!

Så ja, du lar borna dine pynte rommet sitt med Windows bileter, og du lar dei snakke på innpust og utpust om produktnøklar, vista, xp, Windows 10 og 7 og kva det no enn er for noko.

Når dei er heime.

Fordi dei treng det.

Fordi heime ikkje skal vere jobb.

Du lar det ikkje ta overhand, du stoppar dei innimellom, snur om på det, og brukar Windows til din eigen fordel, fordi du veit at det ikkje går bort av segsjølv.

Det handlar om å bruke særinteressa til sin fordel.

Og, det handlar om å erkjenne at det er slik borna funkar, slik funkar autistiske særinteresser.

Innimellom trur du at du er i ferd med å tørne, du tar deg i å gå rundt å synge på oppstart tonane til Windows, dei tonane som kjem når du startar ei datamaskin veit du 😛

Ikkje så rart kanskje, du har jo vakna til dei siste mnd..

Du tenkjer også at Apple må jo vere noko herk, sidan det ikkje er Windows liksom!

Også tar du degsjølv i å lure på om du er riktig vel bevart som i det heile tatt sit å vurderer slike problemstillingar.

Livet med autisme i heimen.

Livet med særinteresser og hangups.

 

Fortida livet med Windows..

 

Eg lure på kva det neste blir?

<3<3 Ragne Beate