Å møte særinteresse med eit smil

3. oktober 2017

Det er ikkje alltid bare bare med desse særinteressene eller hangup`s som dukke opp i tide og utide.

Og dei er uforutsigbare.

Ein kan legge seg den eine dagen med eit born som har fullt fokus på eit dataspel (som du endeleg etter mykje om og men har begynt å skjøne deg litt på), også vakne du dagen etter og opplev at dataspelet du har satt deg sånn inni, ikkje lenger er aktuelt.

No er det Windows som gjeld.

Windows operativsystem.

(bilete lånt frå nettet)

Du sit der med eit påklistra smil og tenkjer:

«Kva i svarte svingande er så interessant med windows?»

Men klok av skade så veit du at det er ikkje spesielt lurt å avfeie, undergrave eller oversjå nettopp Windows.

For frå no av skal du og Windows leve tett ilag.

Tett- klaustrofobisk tett.

Du skal frå no av bruke ein heil haug av di vaksentid på å snu Windows til din fordel.

«Om du kler på deg no så skal vi finne noko lurt på nettet om Windows»

«Sjå, der er middagen din, du får sjå meir Windows om du fokusere på den og ikkje på alt anna no»

«Veit du, viss du jobbar skikkeleg godt på skulen i dag, så kanskje vi kan printe ut eit Windows bilete til?»

Windows blir livet ditt.

Eigentleg så trur eg du, etter ei stund ,ikkje heilt kan skjøne korleis du klarte deg FØR windows kom inn i livet ditt.

Du føler og plutseleg eit nært og godt forhold til ordet «Produktnøkkel»

Grunnen er vel at printeren din i eit ubevokta augeblikk vart tømt for blekk, der 15 bileter av produktnøklar til Windows som ligg på nettet plutseleg spydde ut av printaren din.

Du kunne sjølvsagt blitt både sint og forbanna, men når du ser gleda i augene på guten som står og tar i mot arka, og med stjerner i augene ropar:

«Mamma, sjå eg fant ein produktnøkkel til Windows xp!!»

(Produktnøkler tatt frå bileter på nettet, fint klipt ut og lagt i skuffa)

…då dett du litt utpå sjølv..

Deler gleda over det nyerverva biletet av Windows xp, lykka bornet ditt føler!

For den gleda er like stor som då du fekk B på eksamen i psykisk helsearbeid, eller fekk roser med mannen din heilt uventa.

Den er heilt reell!

Like virkelig som at andre scorar mål på i ein fotball kamp og jubelen står i taket!

Så ja, du lar borna dine pynte rommet sitt med Windows bileter, og du lar dei snakke på innpust og utpust om produktnøklar, vista, xp, Windows 10 og 7 og kva det no enn er for noko.

Når dei er heime.

Fordi dei treng det.

Fordi heime ikkje skal vere jobb.

Du lar det ikkje ta overhand, du stoppar dei innimellom, snur om på det, og brukar Windows til din eigen fordel, fordi du veit at det ikkje går bort av segsjølv.

Det handlar om å bruke særinteressa til sin fordel.

Og, det handlar om å erkjenne at det er slik borna funkar, slik funkar autistiske særinteresser.

Innimellom trur du at du er i ferd med å tørne, du tar deg i å gå rundt å synge på oppstart tonane til Windows, dei tonane som kjem når du startar ei datamaskin veit du 😛

Ikkje så rart kanskje, du har jo vakna til dei siste mnd..

Du tenkjer også at Apple må jo vere noko herk, sidan det ikkje er Windows liksom!

Også tar du degsjølv i å lure på om du er riktig vel bevart som i det heile tatt sit å vurderer slike problemstillingar.

Livet med autisme i heimen.

Livet med særinteresser og hangups.

 

Fortida livet med Windows..

 

Eg lure på kva det neste blir?

<3<3 Ragne Beate