Julemodus

23. desember 2017

Det har vore stille frå meg lenge, eg har måtta legge skriving tilsides og vore tilstades der eg trengs- i heimen.

For mange er desse dagane no før jul dei tøffaste.

Mange slit med dårleg råd, andre sit åleine fordi det er den andre parten som skal ha borna dette året, og mange kjenne på eit utruleg sakn etter det normale.

Fordi ein i desse tider blir endå meir annerleis enn ein er til vanleg.

Alle desse juletinga som skal være så fantastisk, all denne kosen og gleda som vi skal omfavne så varmt.

Julefred, julero, freden senker seg!!

Altså- i kva heim senker det seg fred når man har born? Diagnose eller ikkje?

Største tull eg har høyrt!

Vener.

Huset mitt er ikkje vaska rundt, men eg har faktisk vaska over golva OG støvsugd.

Det gjere eg for øvrig kvar dag.

Juletreet er henta på garden ein plass av min mann og Georg.

Det er skeivt, lite symmetrisk og pynta av 2 kara på 9, det er så langt i frå eit designer tre som det kan vere, men veit de, det er heilt steikje perfekt for meg!

Pepperkakehuset frå Bunnpris er heilt kanon, og med kjøpt laktosefri og glutenfri deig fra frysedisken på Rema 1000 så klarte vi å få smokka på nokre rakettar og <3

Gutane var i ekstase!

Søvn har det vore lite av siste vekene, ekstase derimot har det vore mykje av.

Ilag med frustrasjon, fordi den kjem i etterkant av ekstaser, og alle inntrykka som vert tatt inn i disse juletider.

Og særinteressene har vore om mogeleg endå sterkare tilstades, som alltid eit tydeleg teikn på at ein treng å rømme litt frå kvardagen.

Og akkurat difor har eg brukt min julemodus til det eg meiner er viktigast.

Å skape ro.

Ro til å handtere alle desse kjenslene som kjem i desember, sortere forventingar, og legge føringar som kan hjelpe med å kome seg igjennom desember på ein fin måte.

Kom eg i mål?

Ikkje heilt, men det var bedre enn i fjor.

Og det betyr at eg er eit sted vidare på vår måltavle, vår målskive, vår stige.

Ikkje alle andre sin, men vår.

Vi kan ikkje samanlikne, vi kan ikkje trekke paralellar til alle andre, vi må skape og sjå oss sjølve.

Og at det vi gjere er godt nok- for det er det!

Godt nok!

Du er god nok.

Og det er lov å seie at man er sliten og lei, også i desse juletider.

Som mamma må eg svelge mine eigne kamelar om tradisjonar eg skulle ynskje vi kunne gjere- men som vi berre ikkje kan.

Men søren heller, då får vi skape nye!

Fjøsnissen skal i dag få graut på låvebrua, fordi gutane har lest i ei bok at om han ikkje får graut så riv han skolten av hønene og er slem med dyra.

Vi kan ikkje fyre i peisen, i år som i fjor, i kveld, då julenissen ikkje må brenne seg når han kjem susande ned pipa i løpet av natta.

Viktige tilretteleggingar dette skjønar de- på ramme alvor!

 

På dagen før dagen er stemninga elektrisk, frustrasjonsterskelen lav, og tårene sit laust.

Vi legg lista lavt, og vil herved ynskje de alle ein riktig god jul <3

Do it your way <3

Det er godt nok!

Different, not less

<3<3 Ragne Beate