Eit siste pust av 2017

31. desember 2017

2017 vart ikkje året der autismegåta vart løyst, ei heller kom det dette året ei bruksanvisning eller manual på korleis man skal møte desse unike borna på best mogeleg måte.

Men, vi fekk «Tung tids tale» -av Olaug Nilssen.

Eit månesteg mot å få fram ei forståing om korleis det er å leve i krevjande familieliv.

Autismeforeninga i Noreg har saman med mange ildsjeler fått autismeomsorga på agendaen, også inn på stortinget.

Det gledar meg!

Livet med autisme har også dette året bragt med seg enorme gleder, stolte augeblikk, litt mindre stolte innimellom, og ei og anna tåre.

Eg har ikkje sove bort sumarnatta denne gongen heller, og eg har fått nære og intense møter, ja, kontinuerlege faktisk, med verdsrommet.

Informasjonen om månar, galaksar, romsonder og rakettar vert delt til alle døgnets tider, og det har vore vanskeleg og få fokuset over på andre ting.

Veldig vanskeleg.

For det er merkeleg kor ei gulrot kan minne om ein rakett, eller at om ein set 4 pinnar saman med steinen som ligg på bakken, så ser det vel minneleg ut som ein Rover (eit bil man kjøyre på månen med), gjere den ikkje mamma?

Men skulen har gått greit, takka vere eit godt, strukturert og meget samkjørt team som dreg i same retning.

Eg er takksam for det.

Også på garden har livet aula, for å seie det mildt!

Tre små søte ullgrisar flytta inn her rett etter sumaren, og etter ei stund fekk vi to til her på «ferie».

No er dei ikkje så små og søte lenger, heller nærare 100 kg, og dei stikk tidvis av.

Anten ein og ein, eller alle 5 på same tida.

Det er ei oppleving å gå i bekmørket med hodelykt akkurat sånn passeleg nervøs, for å leite etter 5 gryntande grisar som spring tulling ein eller annan plass.

Men dei kjem stort sett når ein ropar, for som dei fleste andre grisar, så er dei jo over middels glad i mat!

Straumgjerdet som skal holde grisane på plass har fått høyre nokre glosar frå underteikna, men no funkar det(trur eg).

Også sauder har vi fått til gards, 6 i talet, dei gjere no ikkje så mykje av seg anna enn å seie bæ!

Sytalaust liv.

Det er godt å ha andre ting å tenke på også, enn bare bekymringane som framleis kjem sigande.

Om korleis vegen vidare vil gå.

Kommunesamanslåingar, fylker som slår seg i hop og stram kommuneøkonomi bekymrar.

Bekymrar fordi den livsviktige oppfyljinga som born med autisme treng, kostar forferdeleg mykje pengar, og det er sårbart.

Men det står om liv.

Det står om livskvalitet, forebygging av psykiske lidingar, det står om menneskeverd, og ikkje minst, det står om verdien av eit menneske.

Eit menneske like mykje verdt som alle andre, sjølv om det kom susande inn i denne verda med ei gjennomgripande utfordring.

2017 har lært meg i endå større grad å sette pris på den gode sida av autismen.

Den facinerande og ufattelege kapasiteten som borna mine sit med, mogelegheita  dei har til å lagre enorme mengde info, og trekke den fram att når dei treng den.

Til samanlikning har mora utvikla gullfisk minne og treng alarmar på telefon og må gå to rundar med seg sjølv for å hugse kva ho skulle lage til middag.

Men det smertar meg og å sjå kor utruleg lite som skal til før ein blir vippa av pinnen, og kor fortvilinga då kjem susande som store havbøljer.

Og at forskjellande er blitt veldig store no, mellom mine, og «dei andre».

Dei normale.

Men slik er det berre.

2017 vart slik.

2018 ventar no på oss, med blanke ark.

Eg håpar vi held oss friske, at vi finn utfordringar som gir oss noko, og som kan utvikle oss vidare på den vegen vi går.

Eg håpar på masse hopp på vår eigen utviklingsstige, og eg ber om å få styrke og mot til å stå opp, når vi ramlar ned att nokre hakk.

2018 håpar eg bringe meg nye vennskap, og at eg kan klare å bli flinkare å ta vare på dei venene som eg har.

Flinkare til å prioritere «me time»- og så verdien av det og.

Litt egoisme skadar ingen.

 

Eg veit ikkje om bloggen overlev 2018, eg er i ein prosess der eg må vurdere kva som er riktig, men vi får sjå korleis det blir😊

Uansett vil eg alltid på min måte bidra til kampen for eit betre liv for alle mennesker med autismespekterforstyrring.

Fordi det er dei verdt kvar og ein!

 

Eg takkar herved for det gamle, og ynskjer de alle eit godt nytt år!

 

DU ER GOD NOK!

 

Different, but not less <3

 

<3<3 Ragne Beate