Entries from januar 23rd, 2018



Når skal vi skjønne verdien av tidlig hjelp?

posted on: 23. januar 2018

Eg kjenne eg blir litt fortvila.

På  mange sine vegne- kanskje avogtil på alle sine vegne.

For kvifor skal det vere så vanskeleg å skjøne at tidlig intervensjon er vegen ein må gå for desse unike borna våre med autisme?

Eg kjenne eg vert lei meg, når eg snart 8 år etter diagnosa vart satt hos mine eigne, les at foreldre rundt omking i kommunane herjar med akkurat same kampane som eg starta med.

Nok ressurs, forsvare den.

Avslag, anke på ny.

Kan det vere deg det er noko galt med kanskje?

Det er mogeleg det har gått litt framover, eg håpar då verkeleg det, men det har ikkje gått fort nok fram.

Vi heng framleis etter.

Til tross for at vi bor i ei av verdas rikaste land.

Det finnast ingen kur for autisme endå- eg veit ikkje om den nokon gong kjem, men det vi veit er at trening funkar.

For veldig veldig mange av desse unike borna så funkar trening.

Mykje trening, måletta trening, og trening over år.

Stabilitet, forutsigbarhet, struktur, og kjærlighet til den det gjeld.

For å sitere Oskar Daniel, på 19 år, med ASF som eg holdt foredrag ilag med forrige tirsdag:

«Du måtte like meg for å kunne hjelpe meg».

Det er komplekst.

Autisme er komplekst.

Det som ikkje er komplekst er å skjøne at desse borna, på AKKURAT samme måte som alle oss andre treng folk rundt seg som likar dei for å kome seg vidare.

Ville du liksom hengt dag ut og dag inn med eit menneske som du merka verken likte deg, var interessert i deg, eller som du kanskje følte forakta deg?

Selvfølgelig ikkje!

Du hadde blitt sjukmeldt på sikt, utmatta av å jobbe saman med eit menneske som mentalt sleit deg ut.

På sikt ville du og finne deg ein annan jobb, og hengt med nokon andre, bestrebe å finne nokon som likar deg.

Dette valget får ikkje borna med autisme.

Dei kan heller ikkje bli sjukmeldt.

Nei,dei vert heller trumpa avgårde uansett ver og vind, til det ender i både skulevergingsåtferd og meltdowns.

 

Tidlig intervensjon er like mykje som trening jobben med å finne dei rette folka, finne den rette kombinasjonen, og la dei få lov til å gjere den jobben dei vert satt til.

Ikkje flytte dei rundt alle andre plassar , men la dei virke der dei virkar best!

Tidlig intervensjon handlar og om å gjere sårbare tiltak meir robuste, og evna til å videreføre kunnskapen på ein slik måte at når neste mann kjem med sitt born, så finn man ikkje opp krutet på nytt.

 

Det handlar og om å takle nederlag og tilbakesteg, ha tålmodighet til å vente på eit resultat som kjem der framme, om det enn berre er ein så liten ting som å  klare å knyte skolissa si sjøl.

Ikkje gå i kjellaren kvar gong det skjer noko- tru meg, eg må jobbe knallhardt sjølv- og ikkje minst klare å sjå dei små tinga som det dei eigentleg er:

 

Store brikker i eit MEGASTORT pusslespill som ein gong skal vise biletet av eit liv.

Eit einskildt liv- ikkje ei masse.

Ikkje eit normalt liv, men eit verdig liv.

Eit liv med motgong, medgong, livsutfoldelse, livskvalitet og trygghet.

Også her i ei symbiose med andre mennesker som vil dei vel.

Støttekontakta som gjorde forskjellen, mennesket i den verna bedrifta som tilrettela det lisje ekstra.

Venene som dukka opp på pizzakveld.

Tidlig intervensjon er veien mot målet, læringa langsmed, limet som ein gong saman med alle dei andre aktørane skal hjelpe eit lite menneske til å bli stort, så sjølvstendig som det kan, og med rett hjelp der det skortar.

 

Fordi dei er verdt det.

Fordi «dei» ikkje eksisterar, men det gjere du- deg.

 

Ein er ingen diagnose, ein er eit menneske med ei utfordring, som får navnet-diagnose bla bla bla.

 

Alt dette kostar.

 

Eg veit.

 

Men det reddar liv.

 

Kvifor er det så vanskeleg å forstå?

 

<3<3 Ragne Beate