«Når ein har overfungerer for lenge»

5. februar 2018

Historia er ikkje mi, eg har fått lov til å skrive den med ei mamma.

Den blir ikkje den fulle sannhet, den er ispedd min kunstneriske frihet, og kjem frå min penn, men den er høgst aktuell blandt barn som har stemme utan å bli hørt.

Kva skjer når ein har overprestert for lenge?

 

« Han var alltid som ein liten Emil, guten med all livsgleda.

Guten som kunne ha heist søskena sine i flaggstanga, og ved spørsmål om kvifor han gjorde det, kunne utbryte: DET ER JO SÅ GØY!

Ville sprell, alltid veldig mykje, alltid så hjerteleg tilstades, men alikevel så snill og god.

Omsorgsfull, kjærleg og hærleg, men han bar alltid kjenslene sine utanpå.

Bokstavdiagnosa kom etterkvart- men det var greit, han var jo ein liten Emil.

Med alder vart kvardagen mindre leik og meir ansvar, men guten, han levde.

Flink på skulen, smilande og blid, alltid positiv og svara ja og ha på det han vart spurt om.

Men skjøna han eigentleg kva han vart spurt om?

Etter som alderen auka, vart misforståingane større, og han vart sett på som lat.

«Han orka ikkje følge med»  sa dei vaksne.

«Han klarar betre om han berre tek seg litt saman- yt litt meir i timane»

«Det er ei negativ utvikling».

Men han er blid og snill- det skal han ha, vi har lite problem med han i skulesituasjonen.

-Underforstått lest: Han plagar ikkje dei andre.

Men ingen spør korleis det går heime.

Guten med bokstavdiagnosa vil vere som alle andre. Han ynskjer ikkje å skilje seg ut.

Tøffaste kleda, finaste hårsveisen, alltid den kule mina.

Dag ut og dag inn set han på seg maska og går.

Slepar seg sjølv inn i mølja av uforutsette hendingar, ord som han ikkje skjønar, beskjedar som går over hovudet hans, og med det einaste våpenet han har i verktøykassa si.

«Vere grei- smile- seie ja»

Emil forsvinn sakte men sikkert, fram kjem det ein anna gut.

Ein mørk skugge av ein gut som eingong var full av livsglede.

No vil han begge vere i mørket, han orkar ikkje anna.

Bak smila på skulen er det no berre eit skall, og når han kjem heim kryp den mørke ut av skallet og brøle:

«Eg orkar ikkje meir!»

Eg maktar ikkje !

SJÅ MEG!

Frustrasjon, aggresjon, irritasjon og manipulering, av foreldre og av syskjen.

Øydelegg ein kvar hyggestund, riv kjeft så fort han har mogeleghet, og ber kjenslene sine utanpå, tjukt påsmurt av ei mørk sugande stemning.

Ei stemning som forpestar familien, gjere at dei trippar varsomt rundt guten, kva vil han finne på neste gong?

Søvnen forsvinn sakte men sikkert, og nettene blir vanskeligare og vanskeligare…

Neste dag gryr og maska er på- i skulekvardagen.

Foreldrene etterlyse febrilskt hjelp, men får berre til svar:

«Vi skjønar ikkje kva du meiner, han fungerer godt hos oss, det må vere eit problem i heimen»

Og mens guten dett lenger og lenger ned i sitt djupe mørke hol, kranglar skulen og foreldrene om kven som har feil.

Kven som ser rett.

Med eit er det stopp.

Maska fell til jorda.

Guten som har overprestert, prøvd og vere som alle andre, prøvd å forstå ei verd som han rett og slett ikkje har evne nok i verktøykassa til å forstå, han fell.

Han totalgrusar.

Utbrent, utslitt og inni margen sleten- berre 12 år gammal.

Orkar ikkje tanken på å prestere, nederlaga er for mange, mestringa er borte.

«Eg er i fengel mamma-eg maktar ikkje meir!!!»

 

Guten som ein gong var som Emil.

 

Utbrent i ein alder av 12 år.

Så emosjonelt utslitt av å prøve å vere noko ein ikkje er, og misforstått i skulekvardagen som han som eigentleg ikkje meistrar.

Denne guten er ikkje unik- det veit mange mammaer og pappaer som sit rundt i dette landet.

Det er vanskelig å bli hørt, å bli trudd, å få hjelp til desse borna som tilsynelatande fungerar.

Foreldre blir mistrudd når dei fortel om sine opplevingar, og ressursane på skulen strekk ikkje til for å favne om desse som er fagleg flinke, men sosial slit.

Eg håpar historia kan vere ein tankevekkar, eit bilete på kor gale det kan gå når ein har overprestert for lenge.

Og at mamma og pappas ord somoftast har ei god dose sanning i seg.

Dei som ser.

 

For borna som har stemme, men som ikkje blir hørt.

 

<3<3 Ragne Beate

 

  • Sidsel Anita Ekblad Itland

    Nok en gang treffer du der det gjør vondt, Ragne. Det er tragisk at samfunnet enda ikke er klar til å lytte til dem som kjenner barnet best, klar til å gjøre de grep som skal til for alle Emil-ene rundt om. De er dessverre mange – og når foreldre ikke blir hørt – står de igjen BÅDE med smerten for et misforstått og kjørt barn – OG med skylda og ofte straffa for at det gikk som det gikk. Og barnet? Det får fortsatt ikke riktig hjelp. Godt det finnes mennesker som klarer å sette ord på og videreformidle historier.