Nokre seier ADHD ikkje finnast, men kvifor finnast den då hos oss?

5. mars 2018

Eg blir lei meg.

Og forbanna.

Men aller mest lei meg.

Lei meg på vegne av gutane mine, og lei meg på vegne av megsjølv som mor, når ein opplev at diagnosa som tek så mykje tid i heimen blir mistenkeleggjort.

«Adhd finnast ikkje»

«Adhd medisin er berre tull»

 

Når eg les slike utsagn , frå professorar eller legar, frå menneske med klokketru på naturmedisin eller kostholdsekspertar så tenker eg:

«Om de berre kunne vere fluge på veggen her heime hos meg».

Fordi eg vil vise dei forskjellen.

Ikkje elendigheta.

Men forskjellen.

Forskjellen på borna med og utan medisinen sin.

Meistringa dei opplev når dei får til ting, konsentrasjonen dei får lov til å oppleve ved hjelp av uhorveleg mykje tilrettelegging, og ein liten tablett.

Utviklinga vi opplev, eit steg fram og to steg tilbake, men den er der!

ADHD er ikkje nokon unnskyldning for foreldre, eller ei kvilepute for lærarar som seier «Jaja- han har no ADHD».

Då har man verkeleg sove i timen.

ADHD er eit navn på ei utfordring som fortel noko om KVIFOR bornet KAN reagere som det gjere.

For som med autismespekterforstyrring så er eit kvart born med ADHD unikt.

Og kvar går eigentleg grensene mellom ADHD, Tourette og Autisme?

Ingen set spørsmålsteikn med mine søner sin infantile autisme, at den finnast, at den må behandlast, og at den er alvorleg.

Behandlast i form av mykje trening, god tilrettelegging, kreativitet, og mykje mykje kjærleik.

Men ADHD det skal vi kunne sette spørsmålsteikn med.

«Samfunnskapt»

«Unnskyldning»

Det som er samfunnskapt er holdninga til barn som er annerleis.

At det finnast feildiagnostisering med ADHD?

Uten tvil!

Men betyr det at alle ikkje har utfordringa?

Nei!

Ein kan ikkje kjemme alle under ein kam. Punktum.

Vi må begynne å møte desse borna med respekt, med hjelp, og med ein raushet som eg trur vi treng å øve oss litt på.

Saman med krav og forventning.

Ikkje skubbe diagnosa forran oss som ei unnskyldning, men BRUKE den til å lære oss kvar skoen kan trykke- og kva vi kanskje kan gjere med det.

Men mest av alt må vi i dialog med bornet, med ungdommen, og med den vaksne med ADHD.

Og vi må lytte.

Sjølv om vi sjølve meiner det dei seier høres helt idiot ut, så må vi erkjenne at SLIK har dei det.

At stress er vanskeleg, at folkemengder kan vere pes, at ein misforstår sosiale interaksjoner og settingar.

Det er den måten vi kan hjelpe mennesket med sjølvkjensla si, med den indre uroa, og med depresjonane som ofte kjem i kjølvatnet av å ADLRI kjenne at ein mestrar noko som helst.

For det opplev eg som den verste bivirkinga av ADHD.

«At ein føle seg mindreverdig».

For mange er eit liv utan medisin heilt ok.

For andre kan medisin vere greit i ei periode.

For nokre er bivirknadane for store til at ein profiterar på den.

Og for andre funkar den!

Eg er mor til born som medisin funkar på.

Meg hjelp den lite, eg må like fordømrande stå opp kvar ein einaste dag og gjere jobben min.

Tilrettelegge, forklare, passe på, 24/7.

Men for gutane innebere det eit liv der dei klarar å yte, klarar å lære,klarar å vere litt meir utholdande enn dei klarte før.

Og- litt for dykk- er himmelvidt for oss!

 

Autisme, Tourette eller ADHD.

Det finnast.

Kan vi ikkje begynne å diskutere i det vide og breide om korleis vi kan gje desse borna den beste kvardagen og dermed eit springbrett mot eit forhåpentligvis sjølvstendig liv?

Ikkje bruke energien vår på å diskutere om det finnast.

 

For det gjere det.

 

<3<3 Ragne Beate